Hopp til innhald

Fagstoff

Restaurering av natur

Naturområde blir øydelagde i høg takt, og vern åleine er ikkje nok for å ta vare på det biologiske mangfaldet. Er det mogleg å restaurere naturen og få han tilbake slik han var før eit inngrep?

Bremse og reversere naturøydeleggingar

Øydelegging av natur på grunn av nedbygging er den største trusselen mot det biologiske mangfaldet. Når vi fjernar eller deler opp leveområda til organismar, blir populasjonane av dyr og plantar mindre, og nokre artar kan døy ut. Fordi naturområde blir øydelagde i høg takt, er det ikkje lenger nok å verne viktige naturområde. Kan det vere ei løysing å reparere område og tilbakeføre dei til naturområde igjen?

To fjellrev-kvalpar i fjellområde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Restaurere for å rette opp igjen øydelagd natur

Ordet restaurere betyr å "setje i stand" eller å "rette opp igjen", og det er nettopp det vi prøver på når vi restaurerer natur:

  • innføre artar på nytt (elvemusling, fjellrev, fisk til vassdrag der fisken blei borte på grunn av forsuring)

  • opne opp att bekkar i byar

  • fjerne vegar og høgspentmaster

  • fjerne framande artar som endrar konkurranseforholda i eit økosystem

  • kalke elver og innsjøar for å få tilbake pH-verdien som var i vatnet tidlegare

  • hindre attgroing av slåttenger for å halde oppe mangfaldet av plantar

  • fylle igjen grøfter i myr

Er restaurert natur berre ein dårleg kopi?

Det er både tidkrevjande og vanskeleg å få naturen tilbake slik han var opphavleg. Og om vi skulle klare det, vil restaurert natur vere like bra som urørt natur?

Enkelte meiner at restaurert natur kan vere like bra som den urørte naturen vi hadde i utgangspunktet. Andre hevdar at sjølv om eit restaurert område ser likt ut som den opphavlege naturen, vil vissa om at det ikkje finst ei ubroten historie i utviklinga av dette området, bety at verdien av området er redusert. Kva meiner du?

Diskuter påstandane!

Restaurering er berre ei unnskyldning for å kunne byggje ned natur.

Restaurering av natur er eit godt klimatiltak.

Relatert innhald

Kjelder

Harvest. (2021, 22. januar). Faking nature? Henta 9. mars 2020 frå https://www.harvestmagazine.no/artikkel/naturrestaurering-faking-nature

Miljødirektoratet. (2020, 28. september). Restaurering av natur. Henta 9. mars 2021 frå https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/arter-naturtyper/restaurering-av-natur/

Norsk institutt for naturforskning. (2010). Temahefte. Henta 10. mars 2021 frå https://www.nina.no/archive/nina/pppbasepdf/temahefte/042.PDF

Norsk institutt for naturforskning. (u.å). Naturrestaurering. Henta 9. mars 2021 frå https://www.nina.no/forskning/naturrestaurering

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfald