Hopp til innhald

Fagstoff

Framande artar

Framande artar blir rekna som ein av dei største truslane mot det biologiske mangfaldet både globalt og nasjonalt. Kven er dei, kvar kjem dei frå, korleis kjem dei seg hit, og på kva måte kan dei påverke naturen og bli eit problem?
Mink står på tynn is. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva meiner vi med framande artar?

Ein framand art blir definert som "ein art som opptrer utanfor det naturlege utbreiingsområdet sitt, det vil seie utanfor det området arten kan spreie seg til naturleg utan hjelp av menneske".

Framande artar må overvinne fleire hindringar for å klare å etablere seg på ein ny stad. Dei må

  • komme seg inn i landet
  • greie å overleve og reprodusere seg i naturen
  • greie å spreie seg

Ein tommelfingerregel seier at berre ein tiandedel av dei artane som kjem inn i landet, kan greie å etablere seg, og at berre ein tiandedel av desse igjen vil bli eit problem. Det er ei utfordring å føreseie kva artar dette gjeld, og kva slags konsekvensar dei kan få.

Artsdatabanken risikovurderer framande artar

Artsdatabanken har ansvar for å gjennomføre økologiske risikovurderingar av framande artar i Noreg. Ikkje alle framande artar blir risikovurderte. Nokre artar har til dømes vore her så lenge at dei blir behandla som heimlege. Andre artar har uansett ingen sjanse til å formeire seg på våre breiddegrader, fordi dei eksempelvis kjem frå tropiske område. Den sistnemnde gruppa tel fleire artar enn dei som faktisk blir risikovurderte.

I 2023 vart totalt 2342 framande artar risikovurderte. I risikovurderinga får artane ein risikokategori (frå ingen kjend til svært høg) ut frå ein kombinasjon av kor lett arten etablerer og spreier seg, og kor alvorleg negativ økologisk effekt han har. Ein reknar med at heile 65 prosent av dei vurderte artane utgjer liten eller ingen risiko i norsk natur, mens 19 prosent hamnar i kategoriane svært høg og høg risiko. Resten har såkalla potensielt høg risiko. Dette er artar som anten har stor negativ økologisk effekt og lite invasjonspotensial, eller artar som har liten negativ økologisk effekt og stort invasjonspotensial.

Søylediagram som viser fordeling av talet på framande artar i ulike risikokategoriar. 346 artar har ingen kjend risiko, 1181 artar har låg risiko, 374 artar har potensielt høg risiko, 210 arter har høg risiko og 231 artar har svært høg risiko. Diagram.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ikkje Artsdatabanken som bestemmer kva ein eventuelt skal gjere med dei framande artane som har hamna i høge risikokategoriar. Dette er noko forvaltningsmyndigheitene vurderer opp mot andre interesser, mellom anna økonomi (til dømes næringsinteresser) og helsa til menneske.

Du kan søke opp framande artar på nettsidene til Artsdatabanken.

Kven er dei?

Dei aller fleste framande artane er . Dei utgjer omtrent 75 prosent av alle artar som er risikovurderte, og omfattar velkjende problemartar som kanadagullris, lupin, rynkerose og tromsøpalme. Insekt kjem på andreplass med 9 prosent og omfattar store artsgrupper som biller, tovengar, sommarfuglar og vepsar. Harlekinmarihøne, ei bille, er nok blant dei mest kjende insekta.

Artsgrupper som sopp, krepsdyr, blautdyr, pattedyr, algar og fisk er òg representerte med fleire artar. Sopp omfattar til dømes framande skadegjerarar som går på stadeigne tre, slik som greindrepar og askeskotbeger. Blant krepsdyra er kongekrabba ein av dei mest kjende framande artane. Mink, mårhund og villsvin er døme på pattedyr-artar som har komme inn i landet, og som gjer ein del skade. Japansk drivtang er ein av dei mest problematiske framande algane. Blant fisk er det først og fremst regionalt framande artar som er problematiske. Med det meiner vi artar som finst naturleg nokre stader i landet, men som menneske har flytta til stader der dei ikkje høyrer heime. Dette gjeld mellom anna gjedde og ørekyt.

Ulike grupper av framande artar

Gruppe

Døme på artar

karplantar

kanadagullris, hagelupin, rynkerose, tromsøpalme, villtulipan, sitkagran, syrin

algar

japansk drivtang

insekt

harlekinmarihøne

pattedyr

villsvin, mårhund, mink

sopp

greindrepar, askeskotbeger

krepsdyr

kongekrabbe

blautdyr

stillehavsøsters, brunskogsnigel

fisk

gjedde (regionalt framand), ørekyt (regionalt framand), pukkellaks

Kvar kjem dei frå?

Dei framande artane som kan overleve og spreie seg hos oss, kjem ofte frå område med liknande klima, det vil seie frå Nord-Amerika, Nord-Asia og andre land i Nord- og Mellom-Europa. Artar som kjem frå området rundt Middelhavet eller frå tropiske område, er gjerne for varmekrevjande til at dei har nokon sjanse på våre breiddegrader. Dei pågåande klimaendringane kan likevel påverke moglegheita desse artane har til å få fotfeste hos oss i framtida.

Korleis kjem dei seg hit?

Framande artar kjem hit på ulike måtar. Nokre blir importerte bevisst, til dømes hageplantar og potteplantar, bartre som blir planta til skogbruksformål, gullfisk i akvarium, edderkoppar og slangar som blir haldne som kjæledyr, eller mink til oppdrett. Mange av desse kjem seg aldri ut i naturen, men nokre kan rømme frå fangenskap eller dyrking.

Andre framande artar kan bli med varer og gods utilsikta som såkalla blindpassasjerar. Insekt, frø og sjukdomsorganismar kan til dømes bli med "på lasset" ved import av tømmer, hageplantar og anna gods. Ei undersøking av fjellstøvlane til 259 passasjerar som kom med fly til Longyearbyen på Svalbard, viste at dei i snitt hadde med seg omtrent fire frø kvar.

Spreiingsvegar for framande artar. 1178 er blindpassasjerar, 228 blir sette ut, 557 blir spreidde naturleg, 1095 rømmer eller blir forvilla. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis påverkar dei framande artane naturen vår?

Mange framande artar gjer ikkje så mykje av seg og er ikkje noko problem. Døme på slike artar er villtulipan, som spreier seg nokså mykje, men visnar tidleg på våren før han får gjort særleg ugagn, og brureslør, som er funne forvilla berre nokre få gonger.

Artar som påverkar naturen negativt, kan gjere det gjennom

  • konkurranse (ved å ta plass, næring eller lys frå dei stadeigne artane)
  • predasjon (til dømes mink, som lever av andre dyr)
  • spreiing av sjukdomsorganismar (til dømes pærebrann)
  • genetisk forureining (ved utstrekt kryssing med ein heimleg art, slik at den heimlege arten kan miste sine særtilpassingar)

Nokre artar kan òg endre naturtypen dei opptrer i, mellom anna ved å påverke , slik lupin gjer med dei rotknollane sine.

Det biologiske mangfaldet blir redusert

Fjellandskap med nakent fjell og ulike bartre. Foto.

Eit av problema med spreiinga av framande artar er at det biologiske mangfaldet blir homogenisert. Det inneber at det blir stadig meir likt, og at dei lokale og regionale særprega kan bli viska ut. Sjølv om det biologiske mangfaldet på ein gitt stad faktisk kan bli større på grunn av framande artar, vil det på verdsbasis bli mindre. Det kjem av at nokre av artane som spreier seg mest effektivt, kan utkonkurrere andre artar.

Tiltak mot framande artar

Det kostar samfunnet mykje pengar å kjempe mot framande artar. Globalt reknar ein med at det utgjer fleire hundre milliardar dollar årleg. I Noreg anslår ein at dei totale kostnadene for samfunnet ligg på mellom 1,4 og 3,8 milliardar kroner. Framande artar som har bite seg ordentleg godt fast, kan vere svært ressurskrevjande og vanskelege å kjempe mot. Det er derfor langt meir effektivt å hindre at potensielt skadelege framande artar kjem ut i norsk natur, eller å setje inn tiltak så tidleg som mogleg. Fokus på tidleg oppdaging og tidlege tiltak mot framande artar er med andre ord avgjerande. I tillegg er det viktig å risikovurdere såkalla dørstokkartar, det vil seie artar som førebels ikkje har etablert seg i norsk natur.

Kjelder

Artsdatabanken. (2018). Fremmedartslista 2018. Henta 6. januar 2021 frå https://www.artsdatabanken.no/fremmedartslista2018

Artsdatabanken. (2023). Fremmeartslista 2023. Henta 11. august 2023 frå https://artsdatabanken.no/lister/fremmedartslista/2023

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 11.08.2023

Læringsressursar

Biologisk mangfald