Hopp til innhald

Fagartikkel

Arbeidsminne (RAM)

Prosessoren bruker arbeidsminne (RAM) for mellomlagring av program som køyrer på maskina og dataa som desse programma bruker. Arbeidsminne gjer det mogleg for datamaskina å køyre effektivt utan store flaskehalsar som senkar farten.

Hand som held ei rambrikke til ein berbar-pc. Foto

Arbeidsminne, også kalla RAM, er mellomlager for program og data som programma treng. Her er eit døme på RAM for ein berbar datamaskin.

Prosessoren kan gjere mange utrekningar per sekund. Men han er avhengig av å kunne hente instruksjonane som fortel han kva han skal gjere og ha rask tilgang til dataa som han skal omarbeide. Han må òg ha ein stad der han kan leggje resultata – anten for eigen bruk seinare eller for at andre einingar i maskina skal kunne få tilgang til dei dataa dei treng. Arbeidsminne, som oftast kalla RAM (Random Access Memory), er staden kvar desse dataa blir mellomlagra.

Ulike einingar i datamaskina har tilgang til arbeidsminnet og kan leggje innhald der etter beskjed frå prosessoren eller hente ut data som eininga treng, til dømes kva lydkortet skal spele.

Døme på bruk av arbeidsminne for ein nettlesar

Når du startar opp ein nettlesar, må nettlesarprogrammet først hentast frå eit ikkje-flyktig minne (non-volatile memory) som ein harddisk eller SSD. Delar eller heile programmet blir så lagt i arbeidsminnet.

Prosessoren køyrer så programmet ved å gå gjennom koden og gjere dei utrekningane som er beskrivne der. Resultata frå prosessoren blir lagt tilbake i arbeidsminnet der dei kan brukast av prosessoren seinare eller kan gjerast tilgjengeleg for andre einingar, som til dømes skjermkortet.

Når du skriv inn adressa til ei nettside, blir tastetrykka dine lagra i eit arbeidsminne. Mellom tastetrykka har prosessoren god tid til å gjere andre oppgåver. Når du har skrive ferdig nettadressa og trykt enter, går prosessoren i gang med å gjere dei delane av nettlesarkoden som opnar ei ny fane og hentar ned nettsideinnhaldet frå Internett.

Innhaldet i nettsida som blir lasta ned blir òg lagd i arbeidsminnet, slik at du raskt kan byte mellom ulike nettlesarfaner.

Når du lukkar nettlesarprogrammet, vil dette bli fjerna frå RAM og gi plass til andre program og data.

Flyktig minne (volatile)

RAM (Random Access Memory) er flyktig minne, som vil seie at minnet er avhengig av å bli oppfriska kontinuerleg for å halde på dataa. Viss straumen blir frakopla, forsvinn òg innhaldet. RAM blir derfor brukt for mellombels lagring av data og ikkje for permanent lagring.

Tilfeldig tilgang

Ein viktig eigenskap med Random Access Memory (RAM) er at dataa kan lagrast og blir henta ut frå minnet i ei heilt vilkårleg rekkefølgje. Det tek dermed cirka den same tida å hente ut data uansett kvar i arbeidsminnet dataa blir henta frå. Dette er praktisk, sidan moderne datamaskiner køyrer mange program samtidig og ulike område av arbeidsminnet blir arbeidd mot heile tida.

Avgrensa ressurs

RAM er ganske dyrt, og mange maskiner (spesielt billege) har ofte vorte levert med for lite installert RAM.

Pc-en sitt operativsystem har måtar å handtere dette på. Mellom anna kan han setje av mindre minne til kvart program eller bruke plass på langsamare minne, som ein SSD, eller harddisk, som virtuell ram (swapping). I begge tilfelle blir resultatet flaskehalsar som reduserer kor effektivt maskina klarer å arbeide. Det er derfor viktig at mengda RAM i maskina er nok for å køyre dei programma som til vanleg skal køyrast.

Til dømes vil ei maskin som skal halde på med videoredigering trenge meir RAM enn ei maskin som berre skal drive med enkelt kontorarbeid.

Moderne berbare pc-ar kan ofte ikkje oppgraderast med meir RAM. Det er derfor viktig å vurdere om mengda RAM er nok ved innkjøp. For stasjonære datamaskiner kan det som oftast blir sett inn fleire eller større minnebrikker for å byggje ut mengda RAM.

Minnekanalar

Moderne prosessorar og komponentar er så raske at arbeidsminnet blir ein flaskehals. For å unngå dette kan minnet bli sett opp i fleire separate kanalar. Dette gjer at mengda data mellom prosessor og arbeidsminne i teorien kan doblast eller firedoblast (avhengig av kor mange kanalar som blir brukte). Vanlege datamaskiner har ofte to kanalar, medan serverar ofte har fire eller til og med åtte minnekanalar.

Kvar kanal kan ha éin eller fleire minnebrikker installerte. Minnebrikker som er på den same kanalen må dele kapasiteten kanalen kan tilby. Det er derfor lurt å fordele minnebrikkene jamt mellom kanalane først.

Fire lange spor for å sette inn rambrikker. Den første og tredje har same farge og tilhøyrer dermed same minnekanal. Det same gjeld andre og fjerde. Foto

Her er fire RAM-soklar på eit hovudkort. Fargen viser kva minnekanal kvar sokkel tilhøyrer.

På hovudkorta vil RAM-soklane vere merka med ulik farge for å vise kva kanal dei tilhøyrer. Viss du til dømes har to like store RAM-brikker, vil det gi best yting viss du plasserer éin i kvar kanal. Manualen til hovudkortet vil seie kva soklar som er anbefalte å bruke for det talet minnebrikker du ønsker å installere.


Sist oppdatert 27.03.2020
Skrive av Tron Bårdgård

Læringsressursar

Datamaskinen sine komponentar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?