Hopp til innhald

Oppgåve

Oppgåver om prosessoren

Les fagartikkelen om prosessoren og svar på desse oppgåvene.

hovudkort med ein prosessor i midten. prosessoren har eit metall-deksel på oversida for å hjelpe spreiing av varme. Foto

Prosessoren er sentralt plassert på hovudkortet og som oftast under ei kjøleribbe for å hjelpe med å spreie varmen prosessoren lagar.

Oppgåver

  1. Kva er oppgåva til prosessoren?
  2. Kvar er prosessoren plassert?
  3. Forklar kvifor det er vanlegare med fleirkjerna prosessorar enn med prosessorar med berre éin kjerne.
  4. Kva fortel prosessorkjernen sin klokkefrekvens?
  5. Forklar desse forkortingane: RAM og CPU
  6. Kva er eit brikkesett, og kva er funksjonen til det?
  7. Kva er ein instruksjon i prosessorsamanheng? Ha med døme på instruksjonar.
  8. Finn døme på billige og dyre prosessorar. Kor mykje betre er den dyre jamført med den billige?

Ekstraoppgåver

  1. X86-64 og ARM har forskjellige instruksjonssett. Finn ut kor mange instruksjonar kvar av desse har.
  2. Prosessorkjernen er bygd opp av fleire mindre delar. Finn informasjon om desse og korleis de arbeidar saman.
  3. Beskriv nokre av forskjellane mellom prosessorar vi bruker for serverar, og prosessorar vi bruker i vanlege datamaskinar.
  4. Lavt straumforbruk er viktig i prosessorar for berbare datamaskinar og serverar kor vi ofte har mange prosessorar. Finn døme på ein vanleg prosessor for ein berbar datamaskin og for ein server. Samanlikn maksimum straumbruk og kor mykje arbeid kvar av prosessorane kan gjere. Kva for ein gir best arbeidskraft per watt med straumforbruk?
Sist oppdatert 26.02.2020
Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Tron Bårdgård

Læringsressursar

Datamaskinen sine komponentar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?