Hopp til innhald

Fagstoff

Hovudkortet

Hovudkortet koplar saman alle delane i datamaskina og kan kallast for ryggrada til datamaskina. Hovudkortet for stasjonære datamaskiner har ofte mange utvidingsmoglegheiter, mens berbare datamaskiner har få for å spare plass.
Stort kretskort med plass for montering av prosessor, RAM, PCI Expresskort, M.2-kort og ei rekkje USB-portar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudkortet til datamaskina er laga for å fungere saman med prosessorar frå ein prosessorgenerasjon frå ein av dei store leverandørane Intel eller AMD. Skal du byggje deg di eiga stasjonære datamaskin, må du derfor finne eit hovudkort som støttar den prosessoren du tenkjer å bruke.

Brikkesett

Moderne prosessorar har innebygde I/O-kontrollar (brikkesett) for raske einingar. Dette brikkesettet får kontakt med einingar på hovudkortet som arbeidsminne (RAM), PCI Express-portar og M.2-portar direkte. Langsamare einingar som lydkort, nettverksskort, SATA-portar og UEFI er tilkopla eit brikkesett som er innebygd i hovudkortet. Dette brikkesettet er vidare tilkopla brikkesettet til prosessoren.

Modell som viser at langsame einingar som lydkort og nettverkskort er kopla til eit brikkesett på hovudkortet før signalet går til brikkesettet til prosessoren. Raske einingar som RAM, M.2 og PCI Express er kopla til eit brikkesett som er ein innebygd del av prosessoren. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudkortstorleikar

Modell som viser korleis Mini-ITX hovudkort er mindre enn Micro-ATX som igjen er mindre enn ATX hovudkort. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I stasjonære datamaskiner har hovudkortet som oftast ein standardisert storleik, til dømes ATX, Micro-ATX og Mini-ITX. Plasseringa til komponentane er ofte lik frå hovudkort til hovudkort. Dette gjer det lett å finne fram på hovudkortet.

Ei berbar datamaskin etter at tastatur og batteri er fjerna. Hovudkortet er synleg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I berbare datamaskiner har hovudkortet som oftast ein unik storleik og fasong. Komponentane kan òg vere plasserte veldig ulikt frå modell til modell.

For å gjere berbare datamaskiner mindre og lettare er hovudkortet ofte meir tettpakka og har færre moglegheiter for ekspansjon enn hovudkort for stasjonær PC.

Ofte er det einaste som kan oppgraderast på ein berbar PC arbeidsminne (RAM) og lagringseining (via SATA eller M.2).

Hovudkortet leverer straum

Ei viktig oppgåve for hovudkortet er å levere straum til tilkopla einingar. Hovudkortet får inn straum frå straumforsyninga og omformar han til dei spenningane som dei ulike komponentane treng.

Eksempel på einingar som får straum via hovudkortet er

  • prosessoren
  • arbeidsminne (RAM)
  • brikkesett
  • M.2-lagringseiningar
  • brikker på hovudkortet, til dømes nettverkskontrollar og USB-kontrollar
  • BIOS/UEFI-brikke
  • vifte til prosessoren, brikkesett og kabinett
  • straum til einingar som er tilkopla via USB-kontakt
  • straum til PCI Express-portane (skjermkort må ofte ha ekstra straum via ein eigen plugg i tillegg til straumen det får frå hovudkortet)

I berbare datamaskiner blir det òg gitt straum til SATA-einingar som harddiskar via hovudkortet. I stasjonære datamaskiner får desse straum direkte frå hovudkortet.

UEFI/BIOS

Ein integrert krets eller brikke som inneheld UEFI- eller BIOS-systemet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudkortet har ei spesiell brikke/ ein integrert krets som blir brukt for å halde orden på innstillingar knytt til hovudkortet, og som har hovudansvaret ved oppstart av datamaskina.

Denne brikka startar opp først og gjer testing av arbeidsminne og tilkopla einingar før prosessoren får ta over. UEFI/BIOS jobbar tett med prosessoren og gir han beskjeden om kor operativsystemet skal lastast frå og informasjon om hovudkortet og tilstanden til dei ulike komponentane.

BIOS-vindauge med informasjon om maskina. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidlegare vart det brukt ei brikke kalla Basic Input / Output System (BIOS) for å gjere desse oppgåvene. BIOS hadde avgrensa funksjonalitet og hadde eit gammaldags, tekstbasert brukargrensesnitt.

I nyare datamaskiner blir det brukt Unified Extensible Firmware Interface (UEFI) i staden for BIOS. Dette er ei vidareutvikling med oppdatert brukargrensesnitt og mykje meir funksjonalitet enn forgjengaren.

Ein del nye hovudkort støttar faktisk oppstart av maskina og tilgang til UEFI sjølv om maskina ikkje har installert prosessor. Dette kan vere nyttig viss hovudkortet må ha programvareoppdateringar for å støtte ein ny prosessor.

Det er framleis ein del maskiner med BIOS i bruk, men overgangen er til UEFI er godt på veg og vil ta over i løpet av få år.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020

Læringsressursar

Datamaskinen sine komponentar