Hopp til innhald

Fagstoff

Kontaktar på ATX-straumforsyningar

ATX-standarden spesifiserer kva hovudkortstorleikar og straumkontaktar som blir brukte inne i datamaskinen. Standarden har blitt revidert fleire gonger. Eldre kontaktar har blitt bygde ut med fleire pinnar, og nye typar kontaktar har kome til.
Fem forskjellige kontaktar som blir brukte for å levere straum inne i datamaskinen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I stasjonære datamaskinar bruker vi hovudsakleg ATX-kontaktane som er omtalte i denne artikkelen. I berbare datamaskinar, små stasjonære datamaskinar og serverar bruker vi ofte andre kontaktar.

Kontaktane har ein kombinasjon av firkanta og halvrunde pinnar. Dette gjer at det berre skal vere mogleg å setje inn kontaktane i riktig retning. Dei er ofte òg merkte med namn.

24-pinnars kontakt (20 + 4) for hovudkort

Flat hann-kontakt som har 2 rader med 12 pinnar på kvar. Foto.

Hovudkortet bruker mykje av straumen i datamaskinen. Det leverer òg straum vidare til einingar som er tilkopla via PCIe og USB. Hovudkortet er derfor kopla til straumforsyninga med ein 24-pinnars kontakt og vanlegvis òg ein ekstrakontakt (EPS12V) som leverer 12 volt ekstra og har 8 pinnar.

Hann-kontakt beståande av 2 rader med 12 pinnar. Eit stykke med 4 pinnar er kopla frå resten av kontakten. Dermed får hovudkontakten 20 pinnar. Foto.

Ein 24-pinnars kontakt leverer fleire straumspenningar (3,3 volt, 5 volt og 12 volt). 4 av pinnane blir brukte til naudsynt kommunikasjon mellom hovudkortet og straumforsyninga.

Gamle hovudkort brukte 20-pinnars kontakt i staden for 24-pinnars kontakt til straumforsyning. På enkelte straumforsyningar er det mogleg å dele ein kontakt med 24 pinnar slik at du kan bruke han som 20-pinnars kontakt.

8-pinnars kontakt (4 + 4) for hovudkort (EPS12V)

Hann-kontakt som har 2 rader med 4 pinnar i kvar. Han har dessutan ein plastbit som låser kontakten på plass i haldaren. Foto.

Hovudkortet i stasjonære datamaskinar krev ofte ekstra straum frå straumforsyninga. Til dette har vi EPS12V-kontakten. Det er ein 8-pinnars kontakt som leverer 12 volt straum. Denne kontakten kan ofte delast for å fungere med eldre hovudkort der ekstrakontakten for straum har 4 pinnar.

Når ein byggjer si eiga datamaskin, er det ein vanleg feil å gløyme å kople til denne kontakten. Men utan denne vil ikkje datamaskinen starte.

4-pinnars Molex-kontakt

Ein hann-kontakt med 4 pinnar på 1 rad. Foto.

Dette er ein gammal kontakttype som blei brukt for å levere 12 volt og 5 volt til harddiskar, DVD-spelarar og anna utstyr inne i datamaskinen.

4-pinnars Molex er i dag lite brukt, men dei fleste straumforsyningar blir framleis leverte med nokre av desse kontaktane. SATA 15-pinnars straumkontakt er i ferd med å ta over for denne kontakten.

SATA 15-pinnars straumkontakt

Smal og lang hann-kontakt med 15 pinnar i ei fordjuping. Foto.

Denne kontakttypen blir brukt for å levere 12 volt og 5 volt til harddiskar og DVD-spelarar. Han har i stor grad teke over for 4-pinnars Molex, sidan han er mykje smalare og dermed passar til tynne SSD-ar og harddiskar i berbare datamaskinar.


8-pinnars (6 + 2) PCIe-straumkontakt

Hann-kontakt som har 2 rader med 4 pinnar. Foto.

Kraftige skjermkort treng ofte mykje meir straum enn det PCI Express-kontakten på hovudkortet kan levere. Då blir det brukt ein 8-pinnars PCIe-kontakt. Denne leverer 12 volt straum.

8-pinnars PCIe-kontakt der 2 av pinnane er løyste frå resten og ligg ved sida av kontakten med 6 pinnar. Foto.

Ofte kan ein slik 8-pinnars kontakt delast slik at ein får ein 6-pinnars og ein 2-pinnars kontakt. Kontakten med 6 pinnar kan då brukast på enkelte svakare skjermkort eller i kombinasjon med ein 8-pinnars kontakt på dei kraftigaste skjermkorta.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 05.08.2020

Læringsressursar

Datamaskinen sine komponentar