Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om hovudkortet og tilkoplingar

Jobb med hovudkortet og tilkoplingar på hovudkortet i desse oppgåvene.
Stort kretskort med plass til montering av prosessor, RAM, PCI Express-kort, M.2-kort og ei rekkje USB-portar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver om hovudkortet

  1. Kvifor blir hovudkortet ofte kalla for ryggrada til datamaskina?
  2. Forklar kva for nokre vanlege utvidingsmoglegheiter som er på eit hovudkort. Kva for nokre er vanlege på høvesvis stasjonære og berbare datamaskiner?
  3. Forklar kva eit brikkesett er, og kva det har med eit hovudkort å gjere.
  4. Skriv ned dei viktigaste standardiserte hovudkortstorleikane.
  5. Nemn minst tre einingar som får straum frå hovudkortet.
  6. Kva er UEFI og BIOS?
  7. Teikn opp eit hovudkort med komponentane sine. Teikn på eit ark eller bruk eit program på dataen din. Skriv namn på dei ulike delane.

Oppgåver om tilkoplingane på hovudkortet

  1. Kvifor er det viktig med standardiserte kommunikasjonsprotokollar og kontaktar i ulike komponentar som skal brukast i datamaskiner?
  2. USB-kontaktar har ofte ulike fargar. Kva betyr dei ulike fargane som oftast?
  3. Kvifor kan det fysiske oppsettet på hovudkortet til berbare datamaskiner variere ein del frå maskin til maskin?
  4. Nemn nokre tilkoplingsmoglegheiter som må vere på eit hovudkort.
  5. Nemn nokre tilkoplingsmoglegheiter som ikkje er nødvendige, men som kan brukast.
  6. List opp minst tre portar som går ut av ei datamaskin.
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2020

Læringsressursar

Datamaskinen sine komponentar