Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om straumforsyning

Les fagartikkelen om straumforsyning, og svar på desse oppgåvene.
Svart boks lagd av metall, med vifte på den eine sida og kontakt for å kople til straum på ei anna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Søk på nettet etter kalkulatorar for berekning av straumforsyning. Er det nokon kalkulatorar du synest er betre enn dei andre? Kvifor?
  2. Søk på nettet og finn ut kva som skjer viss straumforsyninga er for svak for maskinen ho skal brukast i.
  3. Kva spenningar leverer ei ATX-straumforsyning?
  4. Ei straumforsyning til ein berbar PC kan gjerne vere på 45–90 watt. Det er mykje lågare enn dei fleste straumforsyningar til stasjonære datamaskinar. Kvifor trur du at det er slik?
  5. Nokre straumforsyningar er meir effektive enn andre. Kva er krava i dei ulike 80 Plus-kategoriane?
  6. Kva er fordelen ved å ha ei meir effektiv straumforsyning og generelt lågare straumforbruk?
  7. Tenk deg at du har ei 80 Plus Bronze-straumforsyning på 600 watt og i gjennomsnitt bruker 300 watt straum frå vegguttaket. Kor mange watt må du rekne med at forsvinn som varme i straumforsyninga?

Ekstraoppgåver

  1. Leidningane som kjem ut av straumforsyninga og går til dei ulike komponentane, har ofte ulike fargar. Kva fargar blir brukte til dei ulike spenningane?
  2. Søk på nettet og finn to straumforsyningar som leverer like mange watt, men har ulik 80 Plus-merking. Ta utgangspunkt i tal timar du sjølv bruker datamaskin kvar dag, og dagens straumpris. Gå ut frå at du bruker 50 % av straumen som straumforsyninga maksimalt kan levere. Kor lang tid ville det ta før du hadde tent inn det ei dyrare straumforsyning med betre utnytting kostar, på grunn av lågare straumforbruk?
  3. Straumforsyningar har som oftast vifter som lagar noko støy. Søk på nettet og gi døme på straumforsyningar som bråkar og er stillegåande. Kor mykje støy lagar dei samanlikna med andre støykjelder du møter i kvardagen?
  4. Korleis kommuniserer ei ATX-straumforsyning med hovudkortet for at straumforsyninga skal vite når ho skal skru seg heilt på?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020

Læringsressursar

Datamaskinen sine komponentar