Hopp til innhald

Spelefilm

Tesla

Tesla er ein biografisk spelefilm frå 2020 med kjende skodespelarar som Ethan Hawke og
Kyle MacLachlan i hovudrollene. Utfordringane står i kø når Nikola Tesla prøver å realisere eit nytt og revolusjonerande elektrisk system.

Nikola Tesla

Nikola Tesla blei fødd i 1856 i ein liten landsby i det som no er Kroatia. Som ungdom viste Tesla raskt ferdigheiter i realfag. I 1884 emigrerte 28 år gamle Tesla til USA.

Tesla er kjend for å ha laga dei første store og pålitelege vekselstraumgeneratorane. Han fann òg opp anna elektromagnetisk utstyr, slik som til dømes trådlause lyspærer.

Om filmen

Filmen følgjer Teslas karriere frå han får den første jobben sin ved Edisons maskinfabrikk. Thomas Edison (Kyle MacLachlan) gir uttrykk for at han ikkje liker Tesla særleg godt, og arbeidsforholdet her blir kortvarig. Der Edison meiner likestraum er framtida, er vekselstraum Teslas store visjon.

Teslas veg vidare blir både krevjande og spennande. Han blir lurt av investorar og har mektige rivalar, og i ein periode jobbar han som grøftegravar. Sjølv om Teslas liv til tider er vanskeleg, så sluttar han aldri å vidareutvikle oppfinningane sine.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.09.2021

Læringsressursar

Energi og berekraft