Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag din eigen solomn

Ein solomn blir brukt til å varme opp og lage mat. I dette forsøket skal du lage din eigen solomn.
Solomn med kjele. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med dette forsøket er at du skal få erfaring med korleis solenergi kan brukast til matlaging.

Framgangsmåte

Smelta sjokolade og marshmallows mellom kjeks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Solomnen du skal lage, må vere effektiv nok til å smelte marshmallows og sjokolade slik at du kan lage såkalla smores.

Du kan byggje solomnen slik du sjølv ønskjer, men det er ikkje meininga at du skal kjøpe materiale. Bruk det du finn heime og på skulen, men hugs å spørje før du bruker noko!

Undersøk

Korleis bør ein solomn konstruerast for å få god effekt? Det finst mange fine videoar av dette på YouTube.

Figur og grunngiving

Lag ei skisse av solomnen du vil byggje. Grunngi kvifor du vel å byggje han slik du gjer.

Utstyr

  • Kva treng du for å byggje solomnen?
  • Kan du bruke eller byggje om noko du allereie har?
  • Korleis skal du få tak i det du treng av utstyr og materiale?

Bygg og test

  1. Set saman solomnen. Om sola skin, bruker du ho som energikjelde. Alternativt kan du bruke ei arbeidslampe.
  2. Legg eit termometer inni omnen. Kor raskt stig temperaturen?
  3. Vil du gjere endringar i konstruksjonen for å oppnå betre effekt?
  4. Greier du å smelte sjokolade og marshmallows?

Sluttresultat

  • Lag ein reklamefilm for solomnen din. Vis og forklar korleis han fungerer for å lage smores. Argumenter for materiala og konstruksjonen du har valt å bruke.
  • Husk å kreditere opphavspersonar til bilete, tekst og musikk du har brukt.




CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2020

Læringsressursar

Energi og berekraft