Hopp til innhald

Fagstoff

Solenergi

Sola er som ein gigantisk kjernereaktor. Atom kolliderer, og det blir frigitt enorme mengder energi. Solenergien som treffer jorda i løpet av éin time, er nok til å dekkje energibruken i verda for eitt år. Denne energien kan vi bruke til å produsere elektrisk straum og til oppvarming.
Solstorm.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Solcellepanel — elektrisitet frå solenergi

Noreg har lenge vore eit føregangsland innan forsking og utvikling av solcellepanel. Det verkar kanskje ganske rart når ein tenkjer på klimaet vi har her i nord? Faktisk er det slik at solceller er mest effektive i låge temperaturar og gjerne omgitt av reflekterande snø.

Solcellepanel produserer elektrisk straum. Straumen kan brukast direkte, seljast til ein straumleverandør eller lagrast i eit batteri. Investeringskostnadene for solcellepanel har gått kraftig ned dei siste åra. Når det i tillegg har blitt mogleg å selje straum tilbake til straumselskapa, har solceller blitt stadig meir populært.

Dersom du ønskjer å vite meir om korleis solcellepanel fungerer, kan du sjå filmen under.

Solfangar — overføring av varmeenergi

Mann installerar solfangar på tak. Foto.

Mens solcellepanel produserer elektrisk energi, blir solfangarar stort sett brukte til direkte oppvarming. Prinsippet bak ein solfangar er enkelt. Ei mørk overflate absorberer solenergien. Når ei væske sirkulerer i den mørke overflata, vil energien frå sola blir overført til væska. Eit røyrsystem blir ført inn i huset, og energien kan brukast til oppvarming av vatn og bustadareal.

CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2020

Læringsressursar

Energi og berekraft