Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Prosessar i varmepumpa

Gjer nokre små forsøk for å få erfaring med dei fysiske prinsippa som gjer at ei varmepumpe kan hente varme frå den kalde lufta ute.
Finger trykker ned ventilen på ein sprayboks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordamping – frå væske til gass

3 små forsøk

To hender som held ei sprøyte. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Ta litt vatn i ei eingongssprøyte, hald fingeren framfor opninga og trekk stempelet utover.

    Blir trykket inni sprøyta lågt nok, vil vatnet byrje å koke alt ved romtemperatur. Dess lågare trykket er, dess lågare blir kokepunktet.
  2. For å vise at fordamping krev mykje energi, kan vi fukte ein bomullsdott med sprit og feste han rundt tuppen på eit termometer med ein strikk. Vift litt med termometeret. Observér temperaturen etter kvart som spriten fordampar frå bomullsdotten. Kva oppdagar du?
  3. Ta litt sprit på handbaken også. Korleis kjennest det? Det kjennest kaldt fordi fordampinga stel varme frå huda.

Når ei væske fordampar, tek ho opp energi frå omgivnadene.

Vi aukar trykket – temperaturen aukar

Hald fingeren framfor ventilen på ei sykkelpumpe og pump nokre tak. Du kjenner at sykkelpumpa blir varm å halde i. Når vi trykkjer lufta i sykkelpumpa saman, blir altså temperaturen endra. Kvifor?

Kondensering – frå gass til væske

Hell litt vatn i ein brusboks, og varm han opp slik at vatnet kokar. La vatnet fosskoke ei lita stund. Bruk ein hanske eller ei klype, og set boksen med opninga ned, i ein behaldar med kaldt vatn. Dampen i boksen blir raskt avkjølt, og kondenserer frå gass til væske.

Når ein gass kondenserer, frigir han energi til omgivnadene.

Vi reduserer trykket – temperaturen går ned

Trykk ned ventilen på ein sprayboks, og hald ein finger inntil. Kva observerer du?

CC BY-NC-SASkrive av Nils H. Fløttre. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Energi og berekraft