Hopp til innhald

Fagstoff

Byggtekniske løysingar

Varmeenergi vil alltid gå frå eit område med høg temperatur til eit område med lågare temperatur. Ein dårleg isolert bustad kan bli dyr å varme opp fordi varmen strøymer ut gjennom sprekkar og hol.

Enkle tiltak som sparer straum

Eldre bustader er ofte bygde med lite eller ingen isolasjon og med enkle vindauge. Med nokre tiltak kan ein senke oppvarmingsutgiftene. For å spare energi bør ein òg vurdere å byte ut dei elektriske apparata ein har i heimen.

Enkle energisparande tiltak

  • etterisolere veggar og tak
  • montere tettingslister rundt dører og vindauge
  • byte vindauge og dører til dagens standard
  • byte ut glødelamper med LED-lys
  • senke innetemperaturen om natta
  • bruke smart straumstyring

Passivhus, nullhus og plusshus

Når ein byggjer nytt, er det enklare å velje energiøkonomiske løysingar for bustaden sin. Dei siste åra har det vore mykje snakk om passivhus og plusshus, men det finst òg nullhus!

Passivhus er hus med ein spesiell konstruksjon som gir eit vesentleg lågare energibehov.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Passivhus

Nullhus

Plusshus

Kjenneteikn

Passivhus er bygde med energisparing som mål.

Husa bruker passive tiltak som god isolering, tjukkare veggar, varmeabsorberande overflater og mindre vindauge for å minimere bruken av elektrisk energi.

Nullhus skal i løpet av eit år produsere like mykje energi som dei bruker.

Eit nullhus er gjennom levetida si.

Plusshus produserer meir energi enn dei bruker.

Overskotsenergien blir seld ut i marknaden.

Det siste tiåret har det blitt bygd ein god del passivhus i Noreg. Null- og plusshus har fått lite merksemd, sjølv om slike nærast er standard i andre europeiske land. Dei låge straumprisane her til lands er ein del av forklaringa, men vi må rekne med høgare prisar òg i Noreg.

På grunn av at ein kan selje overskotsenergi ut i marknaden, og lågare prisar på straumproduserande solcellepanel, blir dei to mest energieffektive bustadtypane – nullhus og plusshus – stadig meir populære òg i Noreg.

Plusshus i Tyskland. Solcellepanel produserer elektrisk energi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2020

Læringsressursar

Energi og berekraft