Hopp til innhald

Fagstoff

Likestraum

Hundar måtte bøte med livet, og den elektriske stolen blei oppfunnen i kampen for å bevise at likestraum var best. På 1880- og 1890-talet hende det som blei kalla "den store straumkrigen".
Thomas Edison med fleire av oppfinningane hans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Likestraum – elektrona beveger seg same veg

 Thomas Edison ved ein dynamo. Illustrasjon.

I motsetning til vekselstraum, der elektrona stadig endrar rørsleretning, får ein likestraum når elektrona har netto rørsle i éi retning. Alessandro Volta laga i 1800 det første batteriet, som altså leverte likestraum. Elektrona går frå negativ pol til positiv pol. Vi får i dag likestraum frå mellom anna batteri, brenselceller og solcellepanel. Ein kan òg gjere om vekselstraum til likestraum ved å bruke ein vekselsrettar.

Den store straumkrigen – elektrisitet i alle heimar

Thomas Edison, ein kjend oppfinnar og forretningsmann, utvikla på slutten av 1800-talet eit distribusjonsnett for likestraum. Han etablerte det første elektrisitetskraftverket i verda, der han genererte likestraum ved hjelp av ein enorm dynamo som blei driven av damp frå kolkraft. Edisons likestraum sørgde for elektrisk lys langs gater og i bygg. Kraftverket sleit med å halde spenninga høg nok under transport. Dette blei løyst ved å etablerte kolkraftverk langs straumlinja. Ein av dei tilsette, Nikola Tesla, argumenterte for at problemet kunne løysast om ein gjekk over til vekselstraum. Dette ville ikkje Edison høyre snakk om, og Teslas arbeidsforhold blei avslutta.

Westinghouse Electric – vekselstraum

Svartkvittbilete av George Westinghouse, ein staseleg herre med bart og kjemt hår. Foto.
En mann sitt stroppa fast i ein elektrisk stol. Foto.

Om lag samstundes lanserte forretningsmannen George Westinghouse vekselstraum som ein konkurrent til likestraum. Løysinga hans var billegare og sørgde for høg nok spenning ved bruk av transformatorstasjonar.

Frykt – eit effektivt verkemiddel

Edison og selskapet hans tapte marknadsdelar og prøvde desperat å overtyde forbrukarane om at vekselstraum var livsfarleg. Edisons likestraumsnett var alltid trygt nedgrave i bakken, mens vekselstraumnettet gjekk i luftlinje. Leidningane var dårleg isolerte, og montørane var uerfarne. Dødsulykker gjorde folk bekymra. Edison brukte frykta til å vinne tilbake marknaden. Han fekk god hjelp av ein kraftig snøstorm som sørgde for at straumstolpar kollapsa og mange menneske miste livet. For å demonstrere kor livsfarleg vekselstraum var, brukte han straum til å avlive både hundar og hestar. Edison designa til og med den første elektriske stolen, som blei brukt til dødsstraff for kriminelle. Kampanjen fungerte, folk var livredde for vekselstraum.

Vendepunktet – Teslas revansj

Det såg ut til at Edison ville vinne krigen. Folk ønsket ikkje den livsfarlege vekselstraumen i heimane sine. Men Nikola Tesla hadde ikkje gitt opp. Han hadde heile tida jobba med å forbetre vekselstraumsgeneratoren. Patentet var no ferdig, og det blei selt til Edisons konkurrent, Westinghouse. Teknologien var overlegen noko ein hadde sett før. Ein kunne no levere billegare, trygg og effektiv straum ut i marknaden. Spenninga blei transformert opp ved kraftverket og ned hos forbrukaren ved bruk av transformatorstasjonar. Samtidig miste Edison aksjemajoriteten, og dermed styringsretten, i sitt eige selskap. Edison blei tvinga ut av straummarknaden. Firmaet han sjølv hadde vore med på å starte opp, gjekk over til vekselstraum. Westinghouse vann krigen med Teslas generator for vekselstraum.

Likestraum – bør brukast der han blir produsert

Solcellepanel produserer likestraum. Når dei fleste elektriske apparat er laga for vekselstraum, må ein bruke ein inverterar for å gjere om straumen frå like- til vekselstraum. Denne omforminga gir eit energitap.

Mobiltelefonar, berbare datamaskinar, LED-lys og oppladbare batteri er døme på apparat som bruker likestraum. For eit solcelleanlegg med mange brukarar, til dømes kontorbygg eller burettslag, kan det faktisk lønne seg å investere i eit likestraumsnett som sørger for energi til alle apparat som går på likestraum. Ein bruker då energien der han blir produsert, og ein slepp å omforme han til vekselstraum, som gir energitap.

Likestraum eller vekselstraum – kva er best?

No, over hundre år etter den store straumkrigen, ser vi at bedrifter bygger ut likestraumsnett for kontorbygga sine. Når Noreg skal eksportere straum til Europa via sjøkabel, blir vekselstraum omforma til likestraum. Det viser seg at energitapet blir mindre ved likestraum når avstandane er veldig store og temperaturen er låg. Samstundes blir kostnaden lågare fordi likestraum berre krev to leiarar, mens vekselstraum krev tre. Kanskje ville Edison sett dette som ein delvis siger?

CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Energi og berekraft