Hopp til innhald

Fagstoff

Energi frå omgivnadene

Ved å gjenvinne og bruke energien som finst i luft, vatn og berggrunnen, kan ein redusere el-energiforbruket i heimen. Varmepumper og varmegjenvinning er godt kjende og effektive metodar for å spare straum.
Varmepumpe heng på yttervegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Varmepumper

Alt rundt oss er bygd opp av atom og molekyl. Atoma og molekyla er i , dei har energi. Energien kan vi bruke til å redusere oppvarmingskostnadene.

I ei varmepumpe utnyttar ein prinsippet om at det i ein faseovergang vil bli overført energi. Det gjer at ein kan bruke uteluft med låg temperatur til å varme opp inneluft med høgare temperatur.

Komponent

Funksjon

Faseovergang

Energistraum

FORDAMPAR

Eit kuldemedium med lågt kokepunkt tek opp energi frå omgivnadene ute. Kuldemediet byrjar å koke.

Frå flytande form til gassform

Energi blir teken opp frå omgivnadene til kuldemediet. Energien i kuldemediet stig.

KOMPRESSOR

Kompressoren pressar gassen (kuldemediet) saman.

Når trykket i ein gass aukar, aukar temperaturen.

KONDENSATOR

Kondensatoren overfører energien frå kuldemediet til omgivnadene inne.

Frå gassform til flytande form

Faseovergangen frå gass til flytande form gjer at energi blir gitt til omgivnadene.

VENTIL

Ventilen senkar trykket.

Når trykket søkk, vil òg temperaturen søkke. Væska blir send tilbake til fordamperen.

Ulike typar varmepumper

Det finst mange ulike typar varmepumper. Det som skil dei, er kvar dei hentar energien frå, og kva energien blir overført til. Det dei har felles, er at energi utanfrå får kuldemediet i varmepumpa til å fordampe. Denne energien kan ein hente frå lufta utanfor, frå sjøen, ein innsjø eller frå berggrunnen.

Hus med sjøvassvarmepumpe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pumper som hentar energien frå vatn eller berggrunn, har ofte høgare , men investeringskostnaden er mykje høgare for dei to siste alternativa, noko som har gjort at luft til luft er det vanlegaste i private heimar.

Varmegjenvinning – varmen blir brukt fleire gonger

Varmegjenvinning frå luft

Gjenvinning av varmeenergiane i inneluft er ganske vanleg i Noreg. Særleg i nyare bygg er balansert ventilasjon brukt for å gi godt inneklima og å spare energi.

Energien i den oppvarma innelufta, blir trekt ut av bustaden, og frisk uteluft kjem inn. Med varmegjenvinning blir store delar av energien i lufta som skal ventilerast ut av bustaden, overført til lufta som skal inn. Denne energioverføringa reduserer oppvarmingskostnaden monnaleg.

Varmegjenvinning frå oppvarmet vatn

Vatn har høg varmekapasitet. Det betyr at det krev mykje energi å varme opp vatnet, men at vatna òg held godt på varmen. Når du har dusja, vaska klede eller brukt oppvaskmaskinen, har du overført mykje elektrisk energi for å få den temperaturen som er nødvendig.

Skjematisk figur av overføring av energi frå gråvatn til vatn på veg til varmtvasstank. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Vanlegvis blir dette gråvatnet skylt ut i avløpet, og energien går tapt. Med varmegjenvinning kan ein overføre energien frå gråvatn til kaldt vatn. Vatnet som kjem inn i huset, blir forvarma før det kjem til varmtvasstanken, og energiforbruket blir redusert monnaleg.

CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2020

Læringsressursar

Energi og berekraft