Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppdrag: Foreslå enøk-tiltak

Ein familie på fire har kjøpt eit hus frå 1994. Straumrekninga er høg, og familien vil ha tips om korleis ho kan bli lågare.
Familie med mor, far og barn i ulik alder som et middag på eit kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Du jobbar som energirådgivar i firmaet Iso-Light. Ein dag får du ein telefon frå ei som presenterer seg som Tove Gregersen. Ho seier at ho og familien flytta inn i eit hus frå 1994 for eit par år sidan. Dei trivst veldig godt i huset, men dei synest dei har veldig høg straumrekning. Derfor vil dei bestille ei synfaring og få gode tips til korleis dei kan spare straum.

Tove legg til at dei er veldig opptekne av miljø og berekraft, så dei vil gjerne ha forslag som gjer bustaden meir miljøvennleg òg. «Vi kan godt godta å betale litt ekstra for tiltak som er miljøvennlege, sjølv om dei ikkje nødvendigvis lønner seg sånn økonomisk sett», seier Tove før ho avsluttar med eit lystig: «Då sest vi!»

Førebu besøk hos familien Gregersen

Sjølv om du har lang erfaring som energirådgivar, er det ei stund sidan du har vore ute på oppdrag. For å vere så godt førebudd som mogleg bestemmer du deg for å få oversikt over kva som er det «hottaste» innan enøk om dagen.

Oversikt over energitiltak og støtteordningar hos ENOVA

Lag ein plan for synfaring

  • Lag ei sjekkliste over punkt du vil undersøkje i bustaden.
  • Lag nokre stikkord om aktuelle tiltak slik at du kan svare på eventuelle spørsmål som Tove har.

På synfaring

Dagen for synfaringa er komen. Før du ringjer på døra, kastar du eit blikk opp på taket. Det går ikkje lang tid før Tove kjem ut av døra med eit stort smil: «Eg såg deg gjennom vindauget. Så bra at du kunne kome så raskt. Velkommen inn!»

Tips! Synfaringa kan gjennomførast som eit rollespel. Lat nokon spele rolla som Tove. Bruk informasjon om bustaden som de finn i 360-en under, men finn gjerne på ting sjølve òg. Tove kan gjerne stille spørsmål som enøk-rådgivaren må svare på.

Få oversikt og lag ein plan

  1. Gjer dykk kjent med huset ved å bruke den virtuelle versjonen av huset over.
  2. Lag ei oversikt over aktuelle tiltak i huset basert på det du har observert i løpet av synfaringa.
  3. Lag ein plan for familien der det kjem fram

    • kva effekt dei ulike tiltaka vil ha
    • kva det vil koste å gjennomføre tiltaka
    • kva innsparing tiltaka kan gi
    • i kva grad løysingane er berekraftige
  4. Førebu ein presentasjon der du legg fram moglege løysingar for familien. Vêr førebudd på å måtte svare på spørsmål som familien har.

Forslag til utvidingar av oppdraget

  • Set opp eit detaljert budsjett for prosjektet.
  • Lag ei planteikning av huset.
  • Lag ein digital 3D-modell.
  • Lag ein fysisk modell av huset.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2020

Læringsressursar

Energi og berekraft