Hopp til innhald

Fagstoff

Elektrisk energi og effekt

Korleis kjennest det å sjå at batteriet på mobiltelefonen nærmar seg tomt? Ofte skjer det når det passar som dårlegast. Det hastar å finne ladar og ein stikkontakt, og oppladinga bør skje så raskt som mogleg!
Ei hand held ein smarttelefon med flatt batteri. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elektrisk energi og effekt

Elektrisk straum er elektron i rørsle. Når batteriet på mobiltelefonen held på å bli tomt, koplar du han til ein stikkontakt, og nye elektron blir leverte frå straumnettet.

Du kan halde fram med å bruke telefonen mens batteriet blir ladd. Kor raskt batteriet kan ladast opp og ladast ut, er avhengig av kor mykje energi telefonen bruker, og kor høg spenning batteriet toler under opplading.

  • Elektrisk straum er elektron i rørsle.
  • Spenning er det som driv elektrona gjennom leiaren.
  • Effekt er motteken eller avgitt elektrisk energi i løpet av ei gitt tid.


Motstand gjer at elektrona mister energi

Når elektrona går gjennom ein elektrisk krins, vil dei møte motstand (resistans), som hindrar rørsla. Det gjer at elektrona mister energi. Denne energien kan bli brukt til lys på skjermen, lyd og varme. Den elektriske energien har evna til å utføre eit arbeid, altså å få telefonen til å fungere.

Spenningsskilnad

Ei mengd batteri. Foto.

Spenningsskilnaden mellom positiv og negativ pol på batteriet i mobiltelefonen gjer at elektrona vandrar i krinsen og kan utføre arbeid. Etter kvart vil batteriet bli tømt. Det betyr at den negative polen i batteriet ikkje kan levere fleire elektron, og batteriet må ladast opp på nytt.

I denne filmen får du forklart korleis eit batteri fungerer.

Symbol og einingar

Elektrisk straum (I) blir målt i ampere, A.

Spenning (U) blir målt i volt, V.

Effekt (P) blir målt i watt, W.

Resistans (R) blir målt i ohm, Ω.

Elektrisk energi (W) blir målt i joule J eller wattsekund Ws.

Hurtigladar – fleire elektron per minutt

Dersom du har ein hurtigladar til mobiltelefonen din, vil du oppleve at ei opplading går mykje raskare enn det som var mogleg for nokre år sidan. Ein hurtigladar leverer fleire elektron per minutt, effekten blir større, og batteriet blir ladd raskare.

Samtaleoppgåve

  1. Jobb saman i grupper. Skriv ned ei forklaring på omgrepa elektrisk straum, effekt og energi.
  2. Elbilar blir drivne fram av batteri. Bruk orda straum, effekt, resistans og energi til å gi ei enkel forklaring på korleis ein elbil blir ladd og utladd.
  3. Prøv å bruke dei same orda til å forklare kvifor det går raskare å lade bilen med ein hurtigladar enn frå ein vanleg stikkontakt.
CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner. Rettshavar: Nina Mari Wagner
Sist fagleg oppdatert 27.02.2020

Læringsressursar

Energi og berekraft