Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på aktiv lytting

Alle kan bli gode til å lytte, men vi treng å øve. Ved å utforske kommunikasjon kan du bli betre til å kommunisere med andre. I denne oppgåva får du høve til å øve på å vere nysgjerrig, stille spørsmål og vere ein aktiv lyttar.
Fire unge menneske rundt eit lite bord med notat på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving 1. Ver nysgjerrig

Gå saman to og to.

Ver nysgjerrig på den andre og skap ein samtale. De kan starte med å finne ut kva interesser eller hobbyar den andre har, og om familien, skulen, vener og liknande.

  • Still eit enkelt spørsmål om kva den andre liker å gjere på fritida.

  • Lytt til svaret.

  • Still fleire spørsmål ut frå svaret du får, slik at du kan danne deg eit bilete av kva interessa går ut på, og kva ho har å seie for den andre.

  • Byt roller

Øving 2. Parafrasering

Parafrasering inneber at du prøver å gi att det du har forstått, med dine eigne ord. Det er eit viktig verktøy for å vise at du lyttar og prøver å forstå.

Gå saman to og to.

Den eine startar med å fortelje om ei erfaring eller ei oppleving, og den andre lyttar aktivt og prøver å gi att det ho eller han har forstått.

Det kan vere vanskeleg å parafrasere, så her kan de gjerne prøve fleire gonger. Hugs at du ikkje skal gi att heile innhaldet, men prøve å gi det att slik du har forstått det.

Byt roller.

Øving 3. Lytteøving

I denne øvinga skal fagarbeidaren samtale med ein brukar ut frå prinsippa for aktiv lytting. Les om aktiv lytting først.

Gå saman i ei gruppe på tre personar. Fordel roller: ein er fagarbeidar, ein er brukar og den tredje er observatør. Vel ein situasjon/tema der brukaren fortel om ei oppleving frå dagleglivet. Fagarbeidaren nyttar prinsippa for aktiv lytting. Observatøren fokuserer på å kartlegge kva prinsipp for aktiv lytting fagarbeidaren nyttar.

Forsøk å bruke nokre av dei følgande spørsmålsteknikkane:

  • Vis at du lyttar og følger med. Signaliser med kroppsspråket at du lyttar, sjå på den som snakkar, nikk, smil, rist på hovudet.

  • Gi oppmuntringar. Støttande lyder som "mm", "ja", "bra!" kan oppmuntre den som snakkar.

  • Parafraser. Formidle til den andre korleis du forstår bodskapen, og sjekk om forståinga di stemmar med det den andre ønskte å formidle.

  • Gjengi nøkkelord. Gjenta spesielle nøkkelord som du vil at den andre skal seie noko meir om.

  • Still opne spørsmål. Det gir den andre høve til å utdjupe og fortelje meir: "Kan du fortelje meir om ..." "Du sa … , kva legg du i det?" "Kva fordelar eller ulemper har det at …?"

  • Spegl kjensler. Forsøk å tolke kjenslene som ligg bak det den andre fortel, og gjer kjenslene synlege gjennom både kroppsspråk og ord. "Eg ser at du er glad når …"

Etter at øvinga er gjennomførd, gir observatøren ei tilbakemelding til fagarbeidaren om observasjonane sine. Kva for nokre konkrete lytteteknikkar vart nytta undervegs?

Byt roller og gjer øvinga på nytt.

Refleksjon

  • Korleis syntest du det var at nokon lytta aktivt til det du fortalde?

  • Korleis syntest du det var å lytte aktivt til ein annan?

  • Korleis var det å vere observatør i ein samtale?

  • Kvifor må ein fagarbeidar vere medviten sin eigen måte å kommunisere på?

  • Kva må vi vere merksame på når vi skal lytte aktivt?

  • Kvifor er aktiv lytting viktig i arbeid med menneske?

  • Kvifor må ein fagarbeidar kunne tilpasse kommunikasjonen til den personen han eller ho møter?

Relatert innhald

Observasjon ein sentral del av det daglege arbeidet for fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2024

Læringsressursar

Kommunikasjonsmetodar