Hopp til innhald

Fagstoff

Å anerkjenne

Å anerkjenne betyr å verdsetje, respektere og godta eit anna menneske akkurat slik det er. Å anerkjenne eit barn handlar om å sjå og møte barnet som eit likeverdig menneske og å respektere opplevingsverda til barnet. Det er ei haldning og ein veremåte.
Ein vaksen mann og ein gut sit ved sida av kvarandre ute i ein hage. Mannen held ein arm om skuldra til guten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å sjå barnet som subjekt

I arbeid med barn og unge er kvaliteten på arbeidet avhengig av korleis du oppfører deg i møte med barnet. Korleis du ser på barn og barndom, har betyding for haldningane og veremåten din. Å anerkjenne barn og unge handlar om å møte barnet som eit subjekt. Det vil seie at du møter og verdset barnet som eit menneske som allereie er eit menneske. Du ser barnet som eit medmenneske med eigne kjensler, tankar og meiningar og rett på opplevingane og erfaringane sine. Eit medmenneske med rett til å uttrykkje ønska og behova sine og med rett til å medverke i sitt eige liv.

Når du ser barnet som subjekt, ser du barnet som eit sjølvstendig, handlande individ som er i aktivt samspel med omgivnadene ut frå sine eigne kommunikasjonsmessige føresetnader. Du kommuniserer og samhandlar du med barnet og prøver å hjelpe og støtte det i den situasjonen det er i. Du viser respekt for integriteten og retten barnet har til sjølvbestemming.

Når vi behandlar barn som subjekt og viser respekt for opplevingsverda deira, bidreg det til å styrkje sjølvkjensla og den mentale helsa til barnet. Det legg òg eit godt grunnlag for at barnet utviklar evna til å forstå og vise innleving i forholdet til andre menneske og klarer å skape gode relasjonar til andre.

Å sjå barnet som objekt

Det motsette er å sjå og møte barnet som eit objekt. Eit objekt er noko som ein handterer, noko som kan påverkast og formast. Ser vi på barnet som eit objekt, tenkjer vi at barnet ikkje er eit fullverdig menneske, men noko som skal bli det. Då tenkjer vi at barnet er lite kompetent, at dei vaksne veit best, og at utviklingsprosessen kan formast slik vi ønskjer eller har behov for. Ved ei slik haldning har vi manglande respekt for opplevingane og perspektiva til barnet.

Eit slikt syn på barn gir lite rom for perspektiva til barna i kvardagen, og det pedagogiske arbeidet blir styrt av teknikkar, metodar og tiltak som kan gjere at barnet ikkje opplever å bli vareteken og møtt som eit medmenneske. Vi blir ofte vurderande eller kritiske i samspelet, og vi fokuserer på åtferd og det barnet ikkje er eller ikkje kan. Blir barnet først og fremst møtt som eit objekt, med manglande respekt for opplevingane og perspektiva deira, kan det svekkje sjølvkjensla hos barnet. Det kan òg bidra til at dei får vanskar med å utvikle gode relasjonar til andre.

Anerkjenning er ei grunnhaldning

Anerkjenning er eit uttrykk for ei grunnhaldning av likeverd og respekt, der du ser barnet som likeverdig i samspelet. For å vere ein barne- og ungdomsarbeidar som anerkjenner barn, må du sjå barnet som eit subjekt, og du må arbeide med di eiga haldning og relasjon til barnet. Å sjå barnet som likeverdig deltakar i relasjonen fører til barnet opplever tryggleik og utviklar god sjølvkjensle.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det å sjå barnet som eit subjekt?

  2. Korleis kan anerkjennande kommunikasjon bidra til den psykiske helsa til barn?

  3. Korleis bør du opptre for at barn vil fortelje deg om opplevingane og kjenslene sine?

Relatert innhald

Å anerkjenne andre er ei innstilling, det er ein verdi og veremåte. Du kan øve på dette kvar dag, slik at det blir ein del av praksisen og veremåten din.

Kjelder

Bae, B. (2010, 10. januar). Å se barn som subjekt – noen konsekvenser for pedagogisk arbeid i barnehage. Regjeringen. https://www.regjeringen.no/no/tema/familie-og-barn/barnehager/artikler/a-se-barn-som-subjekt---noen-konsekvense/id440489/

Røkenes, O. H. & Hansen, P-H. (2012). Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker (3. utg.). Fagbokforlaget.

Sinding, A. I. (2020, 29. juni). Hvordan møter vi vanskelige følelser hos barn på en klok måte? Psykologisk.no. https://psykologisk.no/2019/09/hvordan-moter-vi-vanskelige-folelser-hos-barn-pa-en-klok-mate/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon