Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis ta vare på og fremje humor og glede?

Humor og glede er viktig for trivsel og den psykiske helsa. På mange måtar kan humor verke som ein støytdempar mot stress og kriser som barn og unge vil oppleve i livet. Vi kan utvikle den humoristisk sansen på same måte som alt anna i livet.
To glade gutar som ler og tullar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Humor

Humor er ein måte å uttrykkje seg på. Vi uttrykkjer både meiningar og kjensler gjennom humor. Humor er ein viktig del av personlegdommen vår, og det påverkar dei sosiale ferdigheitene våre.

Sjå filmen Humor og glede før du startar med denne oppgåva. Jobb gjerne saman med ein eller fleire medelevar.

  1. Kva er humor for deg? Kva verdi har humor og latter for deg i kvardagen?

  2. Kva verdi har tull og tøys, latter og glede for barn og unge?

  3. Kvifor er humor ein viktig del av kvardagen i arbeidet med barn og unge?

  4. Finn ut kva som skjer i hjernen, hjartet, musklane og andre delar av kroppen når vi ler.

  5. Korleis kan de nytte innspela frå barna og perspektiva deira for å løyse litt på det seriøse og opne for tull og tøys, latter og glede?

  6. Diskuter de følgjande påstandane:

    • Humor kan oppstå kvar som helst.

    • Å gi rom for tull og tøys er å ta stemma til barn på alvor.

    • Barn er meir leikne, og vaksne er meir seriøse.

    • Humor er ein viktig mellommenneskeleg kompetanse.

    • Å kunne le av eigne tabbar er ein viktig eigenskap.

    • Vi må alltid ha rom for humor og latter, tull og tøys.

    • Eit godt humør og ei positiv innstilling skaper rom for humor.

  7. Barn tullar og tøysar og gjer speloppar. Nokre vaksne vil definere det som rampestrekar. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar anerkjenne tull og tøys hos barn slik at dei opplever glede, og styrkje sjølvbiletet og sjølvtilliten til barna?

  8. Å møte humoren til barn betyr ikkje at vi skal halde show og vere morosame for barna, men kva vil det eigentleg seie?

  9. Kva samanheng er det mellom humor og læring?

  10. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar fremje humor og barna sin bruk av humor?

Lita jente et brødskive saman med ein vaksen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leik med språk

Å eksperimentere, tulle og tøyse med språk er ei form for humor. Når vi vrengjer og vrir på ord, skaper det mykje latter og glede i kvardagen.

Jobb gjerne saman med ein eller fleire medelevar med desse oppgåvene.

  1. Korleis kan du leike med språket saman med barn og unge? Gi døme.

  2. Hugsar du nokon tullevers, rim, vitsar eller gåter frå du sjølv var liten?

  3. Finn ulike tullevers, rim, vitsar eller gåter og les eller framfør dei for kvarandre.

  4. Leik med ord med fleire tydingar. Eit døme: "rista brød". Brødet kan ristast i brødristar, men du kan òg riste det med handa. Kva trur du skjer viss du spør eit barn om det vil ha rista brød, og så ristar du brødskiva med handa? Gi fleire døme på korleis de kan leike med ord som kan tyde fleire ting.

  5. Kvifor trur de at barn synest det er artig med slike ord med fleire tydingar?

  6. Øv deg på å fortelje ein vits eller morosam historie. Her må du tenkje på rytme, mimikk og stemmebruk i måten du vil framstille vitsen/historia på for andre. Framfør vitsen eller historia for nokon andre i klassen.

  7. Vi nyttar språk til å tøyse med kvarandre. Gi døme på korleis de tullar med språket for å sjå om det har ein innverknad på andre.

  8. Korleis nyttar barn språket til å tøyse med kvarandre? Gi døme.

  9. Hugsar du nokon tøysesongar frå du var barn? Finn songar som er tøysete og morosame å synge med barn. Syng saman i klassen.

Lita jente med overraska uttrykk i ansiktet ser ut frå eit puteslott. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forske på humor, tull og tøys

I denne oppgåva skal de vere forskarar. Temaet for forskinga dykkar er "Tøys og tull, latter og glede".

Jobb saman i ei gruppe på tre til fire personar. Dokumenter det de gjer, heile vegen i prosessen.

  1. Reflekter saman rundt temaet og kva de har lyst til å finne ut.

  2. Lag ei problemstilling. Problemstilling er det spørsmålet de ønskjer å finne eit svar på. Sjå forslag nedanfor til forskingsspørsmål viss det er vanskeleg å kome på noko sjølv.

  3. Planlegg korleis de kan finne svar på problemstillinga. Vel om de vil observere, intervjue eller hente kunnskap frå litteratur.

  4. Samle inn informasjon og opplysingar som kan gi svar på problemstillinga.

  5. Lag ei oppsummering av kva de har funne ut.

  6. Presenter for resten av klassen kva de har gjort, og kva resultat de har kome fram til. Her vel de om de vil lage ein skriftleg rapport, film, podkast, PowerPoint-presentasjon eller liknande.

Forslag til problemstilling/forskingsspørsmål:

  • Kva er tull og tøys, og kva har det å seie for oss?

  • Korleis tek vaksne vare på og fremjar tøys og tull hos barna i barnehage/SFO eller klubb?

  • Kva skjer i kroppen når vi tøysar og tullar?

  • Korleis opplever barn og unge det når vaksne tullar og tøysar?

  • Kvifor treng barn og unge tøys og tull?

  • Kva slags tøys og tull liker barn og unge?

Relatert innhald



CC BY-SASkrive av Siv Stai og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 02.09.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon