Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppen kommuniserer

Kroppsspråket inkluderer ansiktsuttrykk, blikk og augekontakt og gestar og andre kroppsrørsler. Korleis kan vi bruke desse ikkje-verbala signala i kommunikasjon?

Kroppsspråk

Sjå filmen om kroppsspråk, og bruk punkta under til å reflektere over innhaldet.

  • Gi døme på ulike typar kroppsspråk.
  • Vi kommuniserer med kroppen både medvite og umedvite. Kan du gi nokre døme på dette?
  • Korleis kan kroppsspråk bli brukt på ein negativ måte? Har du opplevd dette?
  • Korleis bruker programleiaren kroppsspråket sitt når han kommuniserer?

Kroppen kommuniserer

Det verbale språket er berre eitt av mange verkemiddel vi bruker når vi kommuniserer med kvarandre. Kroppsspråket, som andletsuttrykk, blikk, gestar og andre kroppsrørsler, er ofte like viktig som det vi faktisk seier.

Ansiktsuttrykk

Alle har erfaring med at andletsuttrykket uttrykker kjensler, og at det kan seie noko om korleis ein person tolkar og forstår opplevingar. Sorg, glede, forbausing, sinne og frykt eller redsel er kjensler vi menneske uttrykker meir eller mindre på same måte ved hjelp av ansiktsuttrykk.

Å heve augebryna kan bety at du er overraska eller forbløffa, eller kanskje betyr det at du er usamd med nokon. Smilet er noko som mange oppfattar som eit positivt ikkje-verbalt uttrykk, men smilet kan òg uttrykke sorg, uvisse eller irritasjon, alt ettersom korleis vi smiler. Å rynke på nasen kan bety at du er misnøgd med noko, eller kanskje er det rett og slett eit uttrykk for at noko luktar vondt. Alle desse rykningene og rørslene i ansiktet kan kommunisere mykje, og det er opp til mottakaren å fange opp og tolke desse signala. Som ved anna ikkje-verbal kommunikasjon kan konteksten hjelpe oss med å forstå kva som blir meint frå avsendaren si side.

Tenk over

  • I par: Korleis vil de uttrykke følgande sinnsstemningar med ansiktsuttrykk: glede, anerkjenning, sinne, undring, irritasjon, semje, utolmod?

  • Kor viktig er ansiktsuttrykk i kommunikasjon?
Kvinne med eit oppgitt uttrykk i ansiktet og handflatene vendt opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blikket

Blikket gir viktig tilleggsinformasjon om den bodskapen avsendaren formidlar til mottakaren. Mottakaren, på si side, må tolke kva avsendaren fortel med blikket sitt. Blikket kan mellom anna gi informasjon, regulere samværet mellom menneske, uttrykke nærleik eller intimitet, utøve sosial kontroll, lette gjennomføringa av ei oppgåve, gjere narr av nokon eller vise at ein lyttar og følger med.


Tenk over

  • Har du opplevd situasjonar der blikk og augekontakt anten var dominerande eller fråverande i kommunikasjonen? Korleis var det?
  • Korleis kan det opplevast viss den eine bruker blikket og augekontakt aktivt, medan den andre ikkje gjer det?

Gestar og kroppsrørsler

Gestar, det vil seie handrørsler, og andre kroppsrørsler er òg ein del av kroppsspråket. Handrørsler bruker vi mellom anna til å beskrive eller understreke det vi seier, og det skjer både medvite og umedvite. Viss vi observerer ein kommunikasjonssituasjon, ser vi ofte at deltakarane bevegar på hovudet, dei nikkar, held hovudet på skakke eller ristar på hovudet når dei snakkar saman. Det å trekke på skuldrene, korleis vi sit, og korleis vi står og går, kommuniserer òg noko. Viss vi står med armane i kors, kan dette bli tolka som eit lukka kroppsspråk, og vi signaliserer avstand. På den andre sida vil eit meir ope kroppsspråk invitere til meir nærleik.

Kva gestane og kroppsrørslene betyr, avheng av konteksten for kommunikasjonssituasjonen, kva avsendar meiner og korleis mottakar tolkar dette.


Tenk over

  • Er du medvite på korleis du bruker gestar og andre kroppsrørsler når du kommuniserer?

  • Bruker du å legge merke til korleis andre bruker kroppsspråket sitt i kommunikasjon?

Kroppsspråket kan påverke bodskapen

Vi bruker ofte kroppsspråket for å understreke det vi seier verbalt. Til dømes kan augekontakt og tydeleg bruk av handrørsler gjere at vi verkar meir sjølvsikre og engasjerte, enn om vi hadde kommunisert med flakkande blikk og vore usikre på kvar vi skulle plassert hendene. Mange politikarar har medvite trent seg opp i kroppsspråk for å kunne formidle eigne synspunkt og meiningar med større tyngd.

Kroppsspråket kan òg vere med på å påverke bodskapen slik at det kan bli vanskeleg for mottakaren å forstå kva som eigentleg kommuniserer. Nokre gonger er det slik at det vi seier med ord kommuniserer ein ting, samtidig som kroppsspråket vårt kommuniserer noko anna. Viss du til dømes seier "Jau da, det går bra med meg", samtidig som kroppsspråket ditt viser at det ikkje går bra, så kan dette skape uvisse hos mottakaren. Stolar vi mest på det andre seier med ord, eller kva kroppsspråket dykkar kommuniserer?

Kulturelle forskjellar

Måten vi bruker og tolkar kroppsspråk på, varierer frå kultur til kultur. For ein som ikkje er kjent med kroppsspråket til ein annan kultur, kan dette skape vanskar. Ulike kulturelle kodar for kroppsspråk kan gjere at vi ikkje blir forstått, eventuelt at vi blir misforstått, sjølv om vi bruker riktige ord. Det kan òg vere slik at ulikt kroppsspråk kan gjere at vi sjølve ikkje forstår eller eventuelt misforstår andre. Også innan subkulturar i eit samfunn kan det vere forskjellar i kroppsspråk som kan ha betyding for samspel og kommunikasjon med andre.

Å vere klar over at det kan vere variasjonar i bruk av kroppsspråk, og òg at vårt eige kroppsspråk kan oppfattast på ein annan måte enn vi hadde tenkt, er eit godt utgangspunkt for kommunikasjon og samspel i møte med menneske.

Kjelder

Kjelder

Dypedahl, M. & Bøhn, H. (2017). Veien til interkulturell kompetanse. (2. utg.). Fagbokforlaget.

Malt, U. (2019). Kroppsspråk. I Store norske leksikon. Henta 26. februar 2021 frå https://snl.no/kroppsspr%C3%A5k

CC BY-NC-SASkrive av Kjell Arne Standal, Guri Bente Hårberg og Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon