Hopp til innhald

Fagstoff

Vi kommuniserer utan å meine det

Andletsuttrykk, positur og raudne er signal vi sender ut som vi ikkje alltid har kontroll over. Kor stor del av dei signala vi plukkar opp frå andre i kommunikasjonen, er sende utan intensjon?
Emoji som smiler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ubevisste signal

Veit du når nokon lyg til deg, eller merkar du når eit smil ikkje er ekte? Når du står ansikt til ansikt med eit anna menneske, sender de ut og får mange små meldingar med ansikt og kropp, utan at de er klare over det. Desse signala bidreg til tolkinga av dei medvitne meldingane vi sender ut, og gjer at vi kan plukke opp når nokon ikkje snakkar sant. På ein måte kan vi seie at dei avslører kjenslene og intensjonane våre, derfor kallast slike signal ikkje-verbale-lekkasjar (Ekman & Friesen, 1969). Vi sender slike umedvitne signal gjennom kroppshaldning, blikk og tonefall.

Ein brun hund ligg på golvet med eit trist ansiktsuttrykk. Foto.

I sosiale medium kan det vere vanskeleg å tolke tonen i meldingar, sidan vi ikkje har andletsuttrykk, kroppsspråk eller tonefall å støtte oss til. Emojiar kan vere nyttige for å uttrykkje klart kva slags intensjon vi har, men nokre gonger gir dei eit anna inntrykk enn vi meinte å gi òg. Både font, skriftstorleik og val av ord kan gi eit inntrykk som du ikkje hadde som intensjon. Korleis tolkar du det, viss det einaste du får i svar på ei melding, er "tommel opp"-symbolet?


Tenk over / diskuter:

Har du opplevd at nokon har trudd at du var sur utan at du har meint å vere det? Kva slags signal kan dei ha tolka då?

Hender som held opp plakatar med emneknaggen #metoo i Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Uklare signal om kjensler og seksualitet

Korleis oppfattar du at nokon er interesserte i deg på ein romantisk måte? Ofte handlar det om blikk og andre ikkje-verbale signal. Ein situasjon der dei umedvitne ikkje-verbale signala speler ei viktig rolle, er når vi flørtar. Samtidig er det mange som opplever at dei blir feiltolka i ein slik situasjon. Dei medvitne spelereglane for kommunikasjon og seksualitet er uklare, kanskje fordi dette er eit område som blir sett på som noko privat, som vi ikkje snakkar om. Makt og roller er sosiale faktorar som også speler inn i korleis vi forstår kroppsspråk og tilnærmingar. Metoo-rørsla løfta ein del problemstillingar opp i lyset, og har gjort det lettare å setje ord på uønskt seksuell merksemd og trakassering.

I ein situasjon der du er uviss på kva dei ikkje-verbale signala frå nokon andre betyr, er det best å vere tydeleg og konkret om korleis du tolkar det. Det er òg fint å gi klar beskjed når grensene dine har vorte overskridne, sjølv om den andre ikkje hadde dette som intensjon. Her kan vi seie at klar kommunikasjon er god kommunikasjon.

I NRK-klippet under ser du korleis alder, kjønn og kultur kan påverke kva du tenkjer er grensa mellom flørting og seksuell trakassering:

Kulturelle forskjellar

Kulturkonteksten er viktig for korleis vi tolkar slike signal. Det å ta på hovudet til nokon er eit døme på dette. I ein norsk skule kan det å ta på hovudet til eit barn blir tolka som ein venleg gest. I Thailand er denne gesten derimot djupt krenkjande.

Avsendaren av meldinga "ta på hovudet" gjer det i ei referanseramme der meldinga berre er eit signal om venlegheit. Referanseramma til mottakaren seier at "ta på hovudet" betyr mangel på respekt. Mottakaren "hentar inn" eit ikkje-verbalt teikn og avkodar det ut frå den kulturelle referanseramma si. I dette tilfellet dreier det seg om ei melding som blir tillagd noko anna enn det som var tenkt – altså ein kommunikasjon utan intensjon.


Tenk over / diskuter:

Har du nokon gong opplevd at nokon har tolka signal frå deg som du ikkje ante at du gav ut?

Kjelde

Ekman, P. and Friesen, W. V. (1969). Nonverbal leakage and clues to deception. Psychiatry, 32, 88-106.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl, Marthe Johanne Moe og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon