Hopp til innhald

Fagstoff

Anerkjennande kommunikasjon

Anerkjennande kommunikasjon handlar om at du ser og møter barnet med forståing og tek opplevingane, tankane og kjenslene deira på alvor. Det handlar om å sjå, lytte, spegle og stadfeste den andre gjennom blikk og kroppsspråk og gjentaking av det den andre seier.
Ein vaksen sit på golvet saman med fleire barn. Ho smiler og gir ein leikebil til eit barn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anerkjennande veremåte

Anerkjenning er ein veremåte, og for å kommunisere anerkjennande må du møte den andre som eit likeverdig menneske, med rettar og ein separat identitet. Du må respektere og erkjenne at dei har rett til å ha sine eigne opplevingar, meiningar, tankar og kjensler.

For å anerkjenne barnet må du vise at du har tru på barnet og at barnet gjer sitt beste. Du må møte barn slik at det opplever seg sjølv som verdifull, og at det betyr noko for deg at barnet er her. Du må vise at barnet er bra nok som det er, uansett kva situasjon det hamnar i, eller kva han eller ho gjer. Du må vise at du interesserer deg for barnet og vil det beste for det.

Du må vise interesse og innleving i opplevingane, tankane og meiningane deira. Du må anerkjenne at dette er slik dei oppfattar og forstår verda. Vi må respektere forståinga til barnet og stadfeste det som gyldig. Det er forståinga deira av ein situasjon, det er slik det opplevast for barnet. Du treng ikkje godta forståinga deira som riktig, du berre er villig til å la dei ha rett i synet sitt.

I kommunikasjonen kjem anerkjenninga fram i form av ei stadfesting på at du ser, høyrer og viser at du verdset den andre.

Anerkjennande kommunikasjon

Nytte kroppsspråk

Å vise interesse og stadfeste den andre som verdifull blir kommunisert i stor grad nonverbalt gjennom kroppsspråket. Blikk-kontakt og stemmebruk er sentralt. Når du plasserer deg i høgda til barnet, får du blikk-kontakt og viser at du ser, er interesserte og vil lytte. Ei varm stemme inviterer barnet inn i samtalen og samhandlinga med deg. Eit smil viser at du ser og bryr deg om barnet, og det viser òg at du er tilgjengeleg. Ei kjærleg berøring gir kjensla av å bli teken vare på og at nokon bryr seg om deg, og at du er viktig.

Være merksamt og lyttande til stades

Anerkjennande kommunikasjon inneber at du er merksamt til stades og prøver å forstå opplevingane, erfaringane, tankane og kjenslene til barnet. For å forstå må du sjå heile barnet og ta deg tid til å lytte til kva det uttrykkjer både med ord og gjennom kroppsspråk og handlingar. Korleis har barnet det inni seg når det til dømes er sint på utsida? Det betyr at du må vere nysgjerrig på kva barnet kjenner og tenkjer. Du veit ikkje korleis dette opplevast og kjennest, men du er oppteken av å finne det ut, og du forstår og respekterer at det er barnet som eig kjensla og opplevinga.

Stille opne spørsmål

Du lyttar både til det barnet seier, og til kjenslene som ligg bak. Du stiller opne spørsmål som "kan du fortelje meg om korleis du opplevde dette?" og "kan du forklare meg ...?" og tek deg tid til å lytte for å forstå perspektivet til barnet. Prøv å sjå barnet innanfrå: Korleis har barnet det? Kvifor handlar og tenkjer det som det gjer?

Du viser at du prøver å forstå og viser respekt for opplevingane og kjenslene til barnet gjennom bekreftande svar som "eg forstår" eller nyttar små ord som "ja", "mm" og "aha" for å vise at du lyttar. Du understøttar dette gjennom kroppsspråket med eit nikk, eit blikk eller eit smil.

Når det er noko du ikkje forstår, stiller du oppklarande spørsmål som "eg lurer på ..." eller "kan du fortelje litt meir om ..."

Spegle og stadfeste

Du speglar det barnet opplever eller fortel deg, ved å spegle tilbake forståinga di av opplevinga til barnet. Det inneber at du gjentek det barnet seier, med dine eigne ord og set ord på dei kjenslene du oppfattar barnet har. Når du speglar, må du opne for at barnet har moglegheit til å korrigere oppfatninga di. Du oppsummerer og fortel det du har forstått, for å sjekke om forståinga di av opplevinga til barnet er riktig. Slik kan barnet stadfeste om du har forstått det riktig.

Anerkjenne og stadfeste kjenslene til barnet

Du må godkjenne kjenslene til barnet som gyldige, at det er slik det opplevast for barnet. Du må stadfeste at det er greitt å tenkje og kjenne slik det gjer: "Det er klart at du kjenner deg sint/lei deg/glad/trist/skuffa/irritert/oppgitt når du opplever ..." eller "det er ikkje rart at du kjenner deg sint/sur/trist/glad fordi ..." Til dømes: "Så klart du blir lei deg når pappa går, fordi du liker så godt å vere saman med han, og du skulle ønske at han var her saman med deg." På den måten viser du barnet at det gir meining at det kjenner og reagerer slik i ein situasjon.

Når du anerkjenner kjenslene til barnet, skal du unngå å nytte ordet "men", fordi det vil ta bort viktigheita av det du har sagt. "Det er ikkje rart du er lei deg, men du kan leike med den andre dokka." Dette kan verke lite empatisk for barnet, og barnet vil ikkje oppleve at du forstår kjensla det har. Når du får lyst til å nytte ordet "men", kan du i staden øve deg og prøve å nytte orda "når" eller "fordi" for å vise at du forstår. "Det er ikkje rart du er lei deg når Petra tek dokka som du liker så godt å leike med."

Ein mann og ein gut sit saman på graset inntil ein husvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å vere anerkjennande

Å vere anerkjennande inneber å vise barnet at du forstår, aksepterer og respekterer barnet og opplevingane, tankane og kjenslene til barnet uansett kva det vil fortelje om, eller kva kjensler det viser. Du prøver å forstå korleis barnet opplever det ut frå perspektivet sitt. Det betyr ikkje at du skal anerkjenne alle handlingar som ikkje er gode, som å slå, sparke, ta ting frå andre eller liknande, men du skal anerkjenne kjenslene til barnet i denne situasjonen.

Ved anerkjennande kommunikasjon hjelper du barnet til å handtere sine eigne kjensler. Dei vil få eit betre forhold til seg sjølve når dei opplever at vaksne er venlege og nysgjerrige på det dei kjenner. Dei lærer at det er heilt greitt og normalt å kjenne slik dei gjer. Anerkjennande kommunikasjon har mykje å seie for den sosiale, emosjonelle og psykiske utviklinga til barnet.

Utfordringar til deg

  1. Korleis opplever du det når andre anerkjenner og verdset deg slik du er?

  2. Kvifor er anerkjenning ein veremåte?

  3. Kva må du tenkje på når du skal kommunisere anerkjennande?

  4. Kva bidreg det til for barnet når du kommuniserer anerkjennande?

Relatert innhald

Å anerkjenne andre er ei innstilling, det er ein verdi og veremåte. Du kan øve på dette kvar dag, slik at det blir ein del av praksisen og veremåten din.

Kjelder

Bae, B. (2007, 10. januar). Å se barn som subjekt – noen konsekvenser for pedagogisk arbeid i barnehage. Regjeringen. https://www.regjeringen.no/no/tema/familie-og-barn/barnehager/artikler/a-se-barn-som-subjekt---noen-konsekvense/id440489/

Røkenes, O.H. & Hansen, P-H. (2012). Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker (3. utg.). Fagbokforlaget.

Sinding, A. I. (2020, 29. juni). Hvordan møter vi vanskelige følelser hos barn på en klok måte? Psykologisk. https://psykologisk.no/2019/09/hvordan-moter-vi-vanskelige-folelser-hos-barn-pa-en-klok-mate/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon