Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lage eit organisasjonskart?

Når du skal utarbeide eit organisasjonskart, må du ta utgangspunkt i strukturbehova til verksemda. Korleis bør de dele inn ansvarsområda, og kor mange leiarar treng verksemda?

Prøv å plassere dei ulike funksjonane i organisasjonskartet ovanfor.

Behov for struktur

Kor mange ansvarsområde er det naturleg å dele inn i? Dette vil variere både med storleiken på verksemda og kva type verksemd det er.

Er verksemda så lita at det berre er behov for ein dagleg leiar, eller er det behov for mellomleiarar? Kor mange nivå av leiarar bør verksemda ha? Her må de vege mellom lang veg opp til toppleiar mot stort for den enkelte leiar.

I større bedrifter kan støttefunksjonar, som til dømes rekneskap, vere lurt å ha som stab.

Verktøy for å teikne organisasjonskart

For å lage enkle organisasjonskart kan ein nytte teiknefunksjonane i ein tekstbehandlar eller eit presentasjonsverktøy. Det vil vere mogleg i enkle teikneprogram som Google Tegninger eller draw.io. Begge desse alternativa er gratis og kan bli nytta direkte i nettlesaren.

Ofte vil det vere meir føremålstenleg å nytte eit verktøy som er utvikla for å lage organisasjonskart. Microsoft Visio er eit slik verktøy, men då må du kjøpe lisens. Med dette verktøyet kan du lage alt frå planteikningar av hus til organisasjonskart. Grensesnittet liknar på andre Office-program. Ønskjer du derimot å ta i bruk gratis programvare, kan Pencil vere eit alternativ.

Verktøy for å teikne organisasjonskart

Google Tegninger

Draw.io

Microsoft Visio

Pencil

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2019

Læringsressursar

Organisasjonskart og ansvarsfordeling