Organisasjonskart for Plagg AS - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Organisasjonskart for Plagg AS

I denne oppgåva skal du utarbeide eit organisasjonskart for Plagg AS, ei bedrift som designar, produserer og sel arbeidsklede til ulike verksemder.

Bakgrunnsinformasjon

Kleda som Plagg AS sel, blir designa ved hovudkontoret i Molde og produserte på ein fabrikk i Kina. Her er produksjonskostnaden mykje lågare enn i Noreg. Kleda blir selde til verksemder over heile Norden. Bedrifta har salsavdelingar i alle dei nordiske landa.

Oppgåve

Ut frå bedriftsinformasjonen nedanfor skal du utarbeide eit organisasjonskart for Plagg AS. Du kan òg ta eigne føresetnader utover dei du som er gitt i informasjonen.

Til å teikne organisasjonskartet kan du gjerne bruke eit av verktøya som er presenterte i artikkelen «Korleis lage eit organisasjonskart?».

Produksjonen til Plagg AS

Ein del av kleda som blir produserte, er standardvare. Det gjeld til dømes standard uniformer, verneklede, kjeledressar og servitør- og kokkeklede. Dersom kunden ønskjer det, kan desse plagga merkjast med logoar eller namnet på verksemda. Denne delen av arbeidet er det skreddarar ved hovudkontoret som gjer. Dei tek seg òg av reparasjonar når det trengst.

Bedrifta produserer òg klede på bestilling. Då designar dei kleda i samarbeid med kunden for å tilfredsstille behovet og ønska til kunden. Deretter utarbeider design- og skreddaravdelinga ein prototype. Denne blir godkjend av kunden før han blir sett i produksjon i Kina.

Organiseringa av Plagg AS

Det er totalt 223 tilsette i bedrifta, og dei fordeler seg på desse avdelingane:

  • administrasjonsavdelinga
  • sals- og marknadsføringsavdelinga

    • avdeling Sverige
    • avdeling Finland
    • avdeling Danmark
    • avdeling Island
  • lager- og logistikkavdelinga
  • design- og skreddaravdelinga
  • personalavdelinga
  • økonomiavdelinga
  • IKT-avdelinga
  • resepsjon og sentralbord
  • kantine
Skrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020