Organisasjonskart for Build AS - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Organisasjonskart for Build AS

I denne oppgåva skal du utarbeide eit organisasjonskart for Build AS. Dette er ei bedrift som driv fire treningssenter og dessutan ein nettbutikk som sel treningsutstyr til heimebruk.

Bakgrunnsinformasjon

Bedrifta blei etablert 1. august i fjor og har framleis ikkje fått alle rutinar på plass. I starten var det 10 tilsette, og i dag jobbar til saman 25 personar i bedrifta.

Administrasjonen held til på Bryne, der dei i tillegg til treningssenter har hovudkontor, driftar nettbutikken og har lager.

Build AS har dei to siste månadene opna treningssenter i Kristiansand, Bergen og Haugesund.

Oppgåve

Ut frå bedriftsinformasjonen nedanfor skal du utarbeide eit organisasjonskart for Build AS.

Til å teikne organisasjonskartet kan du gjerne bruke eit av verktøya som er presenterte i artikkelen «Korleis lage eit organisasjonskart?».

Bedriftsinformasjon

Postadresse: postboks 90, 4340 Bryne

Gateadresse: Håland industriområde, Langmyra 101, 4344 Bryne

E-post adresse: post@bulild.no

Nettadresse: www.build.no

Telefon: 41 22 12 15

Tilsette:

Dagleg leiar: Ylva Stranger

Stabsavdelinga: Ulv Skog, personal-, data- og sikkerheitsansvarleg, og du sjølv, som er administrasjonsmedarbeidar og ansvarleg for nettbutikken

Økonomiavdelinga: Linda Larsen, økonomisjef, og Runar Håkonsen, rekneskapsmedarbeidar

Salsavdelinga: Lars Hopeland, marknadsansvarleg, Sandra Lilletvedt, salsansvarleg, og Konrad Lye, seljar

Logistikkavdelinga: Jan Gunner Vea, lagersjef, Vetle Ordrerud, logistikkmedarbeidar, og Trine Lise Andresen, sjåfør

Build Bryne: Eli Gangedal, senteransvarleg, og to instruktørar

Build Kristiansand: Petter Smart, senteransvarleg, og tre instruktørar

Build Haugesund: Laurits Bjørk, senteransvarleg, og éin instruktør

Build Bergen: Sindre Falk, senteransvarleg, og fire instruktørar

Skrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020