Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Korleis er praksisplassen organisert?

I praksisperioden skal du gjere deg kjend med bedrifta du jobbar i, og nytte teori frå skulen i praksis. Desse oppgåvene vil hjelpe deg med å sjå samanhengar mellom teori og praksis.
Ein ung gut som jobbar som reservedelsekspeditør, sit ved ein datamaskin og bestiller delar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ikkje sikkert at alle spørsmåla passar for alle bedrifter. Tilpass sjølv temaa og spørsmåla slik at dei blir relevante for praksisplassen din.

Oppgåve 1

Presenter praksisplassen din.

Dette bør du ha med:
  • namnet til bedrifta, logo, visjon og eventuelle slagord
  • kva bransje bedrifta høyrer til, og kva som kjenneteiknar denne bransjen
  • selskapsforma til bedrifta (franchise, kjede, sjølvstendig, offentleg, privat)
  • litt om historia til bedrifta
  • kor mange tilsette det er i bedrifta, og eventuelt samla tal tilsette dersom det er ei kjede eller liknande
  • kven som er den næraste leiaren din, og kva rolle han eller ho har i bedrifta
  • kva den daglege drifta består av på praksisplassen din
  • kva som er arbeidsoppgåvene dine no og i tida som kjem
  • kva leverandørar bedrifta har

Oppgåve 2

Kva arbeidsoppgåver blir utførte i bedrifta?

  • Lag eit organisasjonskart over eller ei beskriving av arbeidsfordelinga i bedrifta.
  • Beskriv dei ulike rollene i bedrifta og kva den enkelte har ansvar for.
Tips

Bruk ressursane i emnet Organisasjonskart og arbeidsfordeling.

Du kan lage eit organisasjonskart i Word eller Power Point.

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020

Læringsressursar

Organisasjonskart og ansvarsfordeling