Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Organisasjonskart for eit hotell

I denne oppgåva skal du sjå på eit organisasjonskart for eit hotell som har over 250 tilsette.
Organisasjonskart for eit hotell med stillingstitlar på engelsk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forklaringar til organisasjonskartet

Når ein stillingstittel er skriven med store bokstavar eller er utheva med feit skrift, betyr det at den som har stillinga, er ein leiar med personalansvar i organisasjonen. Dei som har slike stillingar, utgjer til saman leiargruppa.

Linjene viser rapporteringsstrukturen og kven som er næraste leiar for dei ulike rollene.

Oppgåve

  1. Beskriv organisasjonsstrukturen til dette hotellet. Har hotellet ein flat eller ein hierarkisk struktur?
  2. Kva stabsfunksjonar har hotellet?
  3. Kven rapporterer resepsjonssjefen til?
  4. Om du jobbar i resepsjonen på dette hotellet, kor mange leiarar er det då mellom deg og toppsjefen?
  5. Som resepsjonist, kven skal du vende deg til med faglege spørsmål?
  6. Som resepsjonist, kven skal du ha medarbeidarsamtale med?
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2019

Læringsressursar

Organisasjonskart og ansvarsfordeling