Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sikringstiltak – oppgåve til filmen om sentervektaren

I denne filmen følgjer vi ein vektar gjennom arbeidsdagen på eit kjøpesenter. Sentervektarar har fleire arbeidsoppgåver ved sida av det sikkerheitsrelaterte arbeidet. Som du ser i filmen, må vektaren flytte fokuset raskt og vere årvaken samtidig som han tek seg av fleire oppgåver.

Oppgåve

  1. Tenk deg at du er med vektaren i filmen på vaktrunde. De både patruljerer og sjekkar overvakingskamera. Kva sikringsgrupper høyrer dette heime i?
  2. På slutten av dagen skal de føre rapportar og låse ned senteret. Kva sikringsgrupper høyrer dette heime i?
  3. Bruk det du ser i filmen, og skriv ein kort vaktlogg som beskriv vakta frå start til slutt. Du kan tenkje deg fram til opningstider og andre viktige klokkeslett. Bruk eit kort og nøytralt språk i loggen, og få med høgdepunkta i den rekkjefølgja dei skjer.
  4. Skriv ein rapport etter hendinga med den unge butikktjuven. Fortel korleis det enda.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2020

Læringsressursar

Tryggingstiltak