Hopp til innhald

Fagstoff

Manuelle sikringstiltak

Med manuelle sikringstiltak tenkjer vi på overvakinga av område, anlegg og bygningar. Det er menneske som står for dette vakthaldet, anten det er eigne tilsette eller innleigde vektarar.
Vektere på kjøpesenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med manuelle sikringstiltak er å redusere risikoen for brann, lekkasje, kriminelle handlingar og driftsstans.

Dersom ein bruker eigne tilsette, blir det kalla internt vakthald. Alternativt kan ei verksemd kjøpe tenester frå eit vaktselskap som gjennomfører den manuelle sikringstenesta.

Det finst mange vaktselskap i Noreg. For å kunne drive vaktverksemd må selskapet ha løyve frå styresmaktene.

Mobilteneste

Ein mobil vektar har uniform og bruker bil for å kome seg frå kunde til kunde. Vektaren tek gjerne ein inspeksjonsrunde hos kundane.

Mobile vektarar er ofte på jobb om kvelden og natta og sjekkar at vindauge og dører er låste. Vektarane kan sjå etter teikn på innbrot eller hærverk. Somme verksemder har også inspeksjon inne, og då slår vektaren av lys og kaffitraktarar, låser dører og gjer andre oppgåver som kunden ønskjer utført for å vere nøgd med tryggleiken.

Resepsjonsteneste

Somme verksemder leiger inn vektarar til å betene tilgangskontrollen i bygningen sin. Til dømes gjer fleire kommunar dette.

I Larvik kommune er det ein vektar som registrerer når det kjem besøk, og leverer ut besøkskort til dei besøkjande. Mange stader er det slik at den som skal ha besøk, må møte gjestene sine i resepsjonen.

Andre oppgåver ein innleigd vektar har i resepsjonen, er å ta telefonen, ta imot post og pakkar, sjekke videoovervakinga og gjere andre oppgåver som kunden ønskjer utført.

Vaktsentral

Mange vaktselskap har ein vaktsentral. Sentralen er bemanna av ein sikkerheitsmedarbeidar.

Arbeidsoppgåvene for denne medarbeidaren er å ta imot alarmar og følgje med på videoovervakinga av bygningar eller område. Han eller ho tek også imot meldingar frå vektarar som er ute på oppdrag.

I tillegg sjekkar vaktsentralen at vektarane kjem på jobb til riktig tid, slik at kundane får dei tenestene dei betaler for. Vaktsentralen har også jamleg kontakt med vektarane for å sjekke at alt er ok. Det er viktig for tryggleiken til vektarane.

Makuleringsteneste

Somme verksemder har papir med informasjon ein ikkje ønskjer at andre skal lese. Det kan også vere tekniske lagringsmedium som harddiskar ein ønskjer å få destruert (øydelagt). Vektaren må då ha kontroll med det som skal makulerast, frå det blir henta til det er ferdig makulert.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.05.2018

Læringsressursar

Tryggingstiltak