Hopp til innhald

Fagstoff

Oppbevaring og transport av verdiar

Oppbevaring og transport av verdifulle gjenstandar krev ofte ekstra sikringstiltak.
Ei hand med tryggleikslenke på ein koffert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdioppbevaring

Sikkerheitsselskapa har eigne verdirom der kundar kan plassere verdifulle ting eller dokument mot betaling.

Verditransport

Verditransport er transport av pengar, verdipapir, sikkerheitskopiar av data eller andre gjenstandar av høg verdi. Transporten kan skje i uniformerte eller sivile bilar.

Kundane som kjøper verditransport, er i stor grad bankar. Vektarar som utfører denne tenesta, har som regel ekstra opplæring og spesielle instruksar dei skal følgje.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

Tryggingstiltak