Hopp til innhald

Fagstoff

Fysisk sikring av data

I moderne bedrifter ligg store verdiar lagra i form av data. Informasjon om eigne produkt, arbeidsrutinar, markedsanalysar og kontraktar utgjer ofte kjernen i ei bedrift. Det er derfor viktig å sikre denne informasjonen – slik det også er viktig å sikre maskinar og bygningar.
Ungdomsgutt som datahackar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Data er informasjon og kan oppbevarast elektronisk. Denne oppbevaringa skjer i stor grad på pc-ar. Dersom ein tilsett mister sin berbare pc med all informasjon, kan det føre til store problem. Bedriftene set derfor i verk ulike tryggingstiltak for å hindre tap av data.

Serverrom

Den informasjonen dei tilsette bruker, er gjerne lagra på sentrale serverar. Desse serverane står ofte i eigne serverrom.

Serverromma kan sikrast ved hjelp av solide betongvegger, golv og tak. Rommet er til vanleg bygd utan vindauge og med ei solid dør. Ofte er det berre utvalde personar i bedrifta som har tilgjenge til dette rommet.

Alarmar og kameraovervaking er monterte på serverrommet og utanfor. Sjølve serveren er gjerne plassert i eit nytt rom – inne i rommet. Vi kan òg montere seismiske detektorar i betongveggene. Dei utløyser ein alarm dersom nokon borar eller bankar i veggene, golvet eller taket.

Temperaturen i eit serverrom er kritisk. Dei kraftige serverane utviklar mykje varme, og kjølemaskinar skal passe på at temperaturen ikkje går over eit visst nivå. Serverrom har derfor ofte detektorar knytte til eit alarmanlegg som varslar når temperaturen nærmar seg det kritiske nivået.

Reservekopi av data

Ein annan måte å sikre seg mot at data går tapt, er å ta ein reservekopi («backup») av alle lagra data med jamne mellomrom. Reservekopiane ligg lagra på ein trygg stad ei viss tid framover, slik at dei kan hentast fram dersom datasystemet i bedrifta skulle bli utsett for virus eller brann.

Endå ei sikring er å plassere ein hjelpeserver ein annan stad enn i sjølve bedriftsbygget. Hjelpeserveren står då i kontinuerleg kontakt med hovudserveren, eller bedrifta køyrer reservekopiering kvar dag. Skulle det for eksempel bryte ut brann eller bli flaum i hovudbygningen, kan hjelpeserveren berge alle data.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Tryggingstiltak