Oppgåve
Lag ein arbeidsinstruks for sentervektaren
I filmen under følgjer vi ein vektar på jobb på Furuset senter. Som du ser, har ein vektar ulike arbeidsoppgåver i løpet av ein dag. Som stasjonærvakt har vektaren i tillegg til sikkerheitsarbeid ansvar for fleire delar av den daglege drifta.
Sjå gjennom filmen, og svar på oppgåva under.
I filmen ser vi korleis vektaren startar dagen med å opne senteret, og at han utfører diverse arbeidsoppgåver og handterer uønskte hendingar.
Lag ein arbeidsinstruks for vektaren på senteret. Instruksen skal innehalde følgjande:
- rutinar for opning/stenging
- arbeid som til kvar tid må gjerast
- handtering av uønskte hendingar og rapportering
- rutinar for vaktrundar
- rutinar for handtering av utstyr