Administrative sikkerheitstiltak
Med administrative sikkerheitstiltak meiner vi til dømes
- rutinar for evakuering ved brannalarm
- instruksar for bruk av vernesko og anna sikkerheitsutstyr på arbeidsplassen
- opplæring i bruk av brannvernsutstyr
- haldningar til sikkerheit blant dei tilsette
- beredskapsplanane
Det hjelper lite viss du installerer moderne brannsløkkingsapparat og overvakingskamera i bedrifta di, men gløymer å lære opp dei tilsette i å bruke dei.
Den løpande sikkerheitsvurderinga er leiinga sitt ansvar. Leiinga kan ta vare på sikkerheita ved å tilsetje ein eigen sikkerheitsansvarleg.
Den sikkerheitsansvarlege følger med på at risikoanalysane til bedrifta alltid er oppdaterte. Dette kan til dømes gjerast ved at sikkerheitsansvarleg har møte med dei tilsette med jamne mellomrom. Då kan dei saman vurdere sikkerheitstiltaka og setje i verk nye tiltak dersom konsekvensane og sannsynet for innbrot eller liknande har auka.
Ei bedrift bør jamleg gjennomføre sikkerheitsøvingar. Eit slikt tiltak kan vere nødevakuering av alle tilsette frå bygget. Det bør vere øving minst to gonger i året.
Alle tilsette skal kjenne til kvar nødutgangar og sløkkingsutstyr er plassert. Det finst reglar om dette i brannvernlovgivinga. Informasjon og opplæring av dei tilsette er heilt nødvendig for å tilfredsstille lova.