Hopp til innhald

Fagstoff

Tekniske tryggingstiltak – kameraovervaking

Du har sikkert lagt merke til at det blir meir og meir vanleg med kameraovervaking av butikkar, bussar, minibankar og flyplassar. Dette styrkjer tryggleiken, men reiser også ein del etiske spørsmål.
Kameraovervåking. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personvern

Kameraovervaking av personar som kan kjennast att på bileta, er strengt regulert. Dersom kameraovervaking ikkje er nødvendig, er det heller ikkje lov. All slik overvaking må i alle høve meldast til Datatilsynet. Meir informasjon om kameraovervaking hos datatilsynet.

Kameraovervaking

Dersom ein bensinstasjon vil unngå at folk fyller bensin og så stikk av utan å betale, er det nyttig med eit videoopptak av situasjonen. Om registreringsnummeret kjem fram på videoen, er det enkelt å finne eigaren av bilen. Bileta vil òg vere bevis for at det har skjedd noko ulovleg.

Avskrekkande verknad

Kameraovervaking har i tillegg ein avskrekkande verknad. Dei som planlegg kriminelle handlingar, kvir seg når det er kameraovervaking på staden. Det er nemleg stor fare for å bli attkjend.

Dokumentere fakta

Den viktigaste oppgåva til kameraovervakinga er å syne kva som nøyaktig skjedde. Dersom det har vore innbrot i butikken, kan eit kamera for eksempel vise ein bil som køyrer opp til døra, to ungdommar som kastar ein stein gjennom vindauget, for deretter å gå inn. Litt seinare ser vi at ungdommane kjem ut att og kastar to esker med varer inn i bagasjerommet, før dei køyrer av stad.

Alt dette kan vi sjå med eit einaste kamera dersom det er heldig plassert. Er det montert fleire kamera, går det an å følgje alle rørslene både inne og ute.

Les meir om kamerakvalitet

Kamerakvalitet

Overvakingskamera må først og fremst ha god nok kvalitet til å vise bokstavar og tal tydeleg. Vidare bør dei takle både godt lys om dagen og mørkre om kvelden og vinteren. Alle kamera må plasserast slik at det ikkje går an å dekkje dei til (som bensintjuvar ofte gjer). Til vanleg står kameraet høgt over bakken, og det bør vere fleire kamera som overlappar kvarandre.


Førebyggje tjuveri

Butikkane har altså kameraovervaking både for å førebyggje tjuveri og for å kunne dokumentere nøyaktig kva som har skjedd dersom det har vore tjuveri.

Overvaking av tilsette

På ein del særleg strenge arbeidsplassar er det i tillegg plassert ut kamera for å overvake kva dei tilsette gjer på jobb. Det skjer der det blir handtert store mengder kontantar, for eksempel i speleskrankane på travbanen eller i teljesentralar der ein fyller på kontantar til minibankar. Dette skaper også tryggleik for dei tilsette. Dei kan ikkje skuldast for tjuveri sidan alt dei gjer, er dokumentert.

Trafikkovervaking

Kameraovervaking blir brukt i mange situasjonar. Vegvesenet har for eksempel montert mange kamera for å overvake vegtrafikken, særleg i tunnelar. Konsekvensane av ei ulykke i tunnel blir nemleg ofte store.

Skulle du få motorstopp i den nye Operatunnelen i Oslo, går det ikkje mange minutta før ein servicebil kjem for å hjelpe deg. Desse kamera sender nemleg bilete til skjermar som blir kontinuerleg overvakte. Det er viktig å få fjerna bilar som stoppar i tunnelar, fordi faren for andre uhell aukar når nokon står stille i vegbanen.

Bompengeringane i Noreg har jamt over kamera som lynraskt les registreringsnummeret på bilen når du passerer. På den måten registrerer dei bilane som har betalt bompengeavgift – og dei som ikke har gjort det.

Avanserte kamera

Eldre kameraovervakingssystem hadde eit kamera kopla til ein monitor, der ein person følgde med på det som skjedde på skjermen.

Nyare overvakingskamera kan ha programvare som kjenner att eit ansikt som er programmert på førehand. Dersom politiet leiter etter ein konkret person som har rømt, kan dette vere ei mogleg løysing. Dei skannar då inn biletet av den dei leiter etter, og programmerer kameraovervakingssentralen til å kjenne att personen. Dersom personen kjem inn i kamerasona, går alarmen.

Slik intelligent kameraovervaking kan også tolke sjølve biletet. Det vil seie at kameraet kan avdekkje om det er eit dyr eller eit menneske som lear på seg i sona.

Avanserte kamera kan òg overføre bilete til alarmstasjonar. Det blir brukt av bedrifter som ønskjer 24 timars overvaking. Etter stengjetid overtek så kamera og personalet på alarmstasjonen.

Du kan eventuelt laste ned bilete frå slike kamera til smarttelefonen din. Då kan du sitje kvar som helst i verda og sjå kva som skjer heime eller på jobben.

Integrerte løysingar

Kameraovervaking og alarmar kan òg samarbeide i det vi gjerne kallar løysingar.

Dersom ein alarm blir utløyst, kan kameraet svinge mot staden eller starte sendinga av bilete og video til ein alarmstasjon.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018

Læringsressursar

Tryggingstiltak