Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Praktisk arbeidsoppdrag om ytringsfridom

Lag eit digitalt medieprodukt med temaet ytringsfridom. Du kan velje mellom ulike sjangrar når du skal gjennomføre dette arbeidsoppdraget.
Mange menneske står på rekke. Over dei er det fleire snakkebobler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Praktisk arbeidsoppdrag

Lag eit digitalt medieprodukt der du går inn på temaet ytringsfridom.

Vel éi av desse oppgåvene

1. Videoinnlegg

  • Du skal produsere eit videoinnlegg om temaet ytringsfridom. Du vel sjølv målgruppe for produktet.

  • Du kan bruke videoopptak av deg sjølv og/eller andre kjelder der ulike sider ved temaet kjem fram. Ver klar over rettsavklaring dersom du skal vise til konkrete døme og må nytte deg av andre sine bilete.

  • Innlegget skal vere argumenterande; du må vise til ulike sider ved temaet.

  • Rediger innlegget i eit eigna redigeringsprogram.

  • Vel publiseringskanal for videoinnlegget og lever i eit filformat som er klart til publisering.

  • Bruk etiske normer og gjeldande lovverk i produksjonen.

2. Podkast

  • Du skal produsere ein podkast på mellom fire og sju minutt om temaet ytringsfridom. Du vel sjølv målgruppe for produktet.

  • Podkasten skal vere argumenterande. Du kan bruke lydopptak av deg sjølv og/eller andre kjelder der ulike sider ved temaet kjem fram. Ver klar over rettsavklaring dersom du skal vise til konkrete døme og må nytte deg av andre sine lydopptak.

  • Rediger podkasten i eit eigna redigeringsprogram.

  • Vel publiseringskanal for podkasten og lever i eit filformat som er klart til publisering.

  • Bruk etiske normer og gjeldande lovverk i produksjonen.

3. Tv-reportasje

  • Du skal lage ein tv-reportasje på mellom eit og eit halvt og tre minutt. Temaet er ytringsfridom. Du vel sjølv vinkling på saka. Tv-reportasjen skal publiserast på nettsida og Facebook-kanalen til skuleavisa.

  • Tv-saka skal vere basert på intervju med minst to ulike kjelder. Det er viktig at du får fram ulike sider ved temaet, og at vinklinga går som ein raud tråd gjennom saka. Saka skal ha "voice", bruk relevante og varierte klippebilete til saka.

  • Rediger innslaget i eit eigna redigeringsprogram og lever i eit filformat som er klart til publisering.

  • Bruk etiske normer og gjeldande lovverk i produksjonen.

4. Debattinnlegg

  • Du skal skrive eit argumenterande debattinnlegg med temaet ytringsfridom for nettsida til skuleavisa. Debattinnlegget skal publiserast på nettsida og Facebook-kanalen til skuleavisa.

  • Debattinnlegget skal innehalde dine eigne meiningar om temaet ytringsfridom. I teksten skal du argumentere og vise til temaet frå ulike sider. Du skal òg vise til statistikk, fakta og konkrete døme.

  • Lever i eit filformat som er klart til publisering.

  • Bruk etiske normer og gjeldande lovverk.

Relatert innhald

Ytringsfridom handlar om retten til å gi uttrykk for meiningar. Pressefridom er ein del av ytringsfridomen og er avgjerande for media sitt samfunnsoppdrag.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2021

Læringsressursar

Medieproduksjon i ulike sjangrar