Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å vere ungdom i ein pandemi

Lytt til minidokumentaren om korleis det er å vere ung i ein pandemi. I oppgåva skal du gjere både forarbeid og etterarbeid til dokumentaren.
Ei kvinne med munnbind bruker telefon. Bytrafikk i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Koronapandemien byrja å gjere seg gjeldande i Noreg i februar og mars 2020. Frå 12. mars var landet i realiteten stengt ned. I 2021 levde vi framleis med til dels strenge restriksjonar på kva vi kan gjere og ikkje gjere. Korleis har det eigentleg vore å vere ung i ein pandemi?

Forarbeid

  1. På kva måtar har pandemien påverka ungdom?

  2. Trur du det har vore skilnad på kvar ein bur i landet?

Lytt til podkast

Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten «Heilt personleg». Foto.

Ungdom i ein pandemi

Denne podkasten er ein minidokumentar der to unge personar fortel korleis det har vore for dei å vere ung under koronapandemien. Podkasten vart teken opp våren 2021.

0:00
-0:00

Etterarbeid

No har du lytta til podkasten.

1. Svar på spørsmåla


  1. Kjenner du deg igjen i historiene i podkasten?

  2. Kva er ulikt, og kva er likt med dine eigne erfaringar?

  3. Har du vore uroleg for at det kan ta tid før alt blir som normalt igjen?

2. Skriveoppgåve

Skriv ein tekst om korleis det har vore å vere ungdom i koronapandamien. Du kan til dømes skrive om

  • korleis det har vore å bli kjent om du har byrja på ein ny skule eller studiar

  • sosialisering og aktivitetar på fritida

  • skilnader frå stad til stad

  • korleis pandemien har vorte opplevd annleis for ungdom enn for yngre barn eller vaksne


Det er òg viktig at du bruker fagomgrep i teksten. Aktuelle omgrep kan vere

  • utanforskap

  • identitet

  • formelle og uformelle normer

  • sanksjonar

  • mediepåverknad

  • makt

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Medieproduksjon i ulike sjangrar