Lag illustrasjonsbilete om digitale skilje - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag illustrasjonsbilete om digitale skilje

Dette arbeidsoppdraget handlar om å fotografere eit illustrasjonsbilete til ei sak. Saka skal handle om digitale skilje mellom ulike grupper i samfunnet.

Arbeidsoppdrag som fotojournalist

Du arbeider som fotograf i ei nettavis. På morgonmøtet får du i oppdrag å fotografere eit illustrasjonsbilete til ei sak. Saka skal handle om digitale skilje mellom ulike grupper i samfunnet. Illustrasjonsbiletet skal vere publiseringsklart for nett.

Framgangsmåte

  1. Lag skisser til tre ulike illustrasjonsfotografi som kan passe til denne saka. Skissa skal vise motiv, biletvinkel og biletutsnitt.

  2. Vel ei av skissene, og ta ein serie med bilete. Vel ut det beste biletet.

  3. Presenter fotografiet og dei tre skissene du laga i forkant, til ein medelev. Forklar kvifor du valde å bruke nettopp dette biletet. Knyt biletet til saka og grunngi faglege val.

Oppsummering

  • Reflekter over korleis fotografiet kan påverke avislesaren, trekk linjer til mediepåverknad og mediemakt.

  • Pressefotografiet ditt set søkelys på ei samfunnsutfordring. Korleis kan eit medieprodukt som dette bidra til å skape endringar i samfunnet?

Relatert innhald

Refleksjon og eigenvurdering

Vurder kva du har lært av å jobbe med dette arbeidsoppdraget. Lag eit refleksjonsnotat der du reflekterer over desse spørsmåla:

  • På kva måte handlar illustrasjonsbiletet om digitale skilje?

  • Korleis vil du vurdere illustrasjonsbiletet ditt? Kva fungerer godt, og kva fungerer mindre godt?

  • Korleis gjorde du illustrasjonsbiletet publiseringsklart for nett?

  • På kva måte hjelpte skissene deg i prosessen fram mot eit publiseringsklart produkt?

  • Kva utfordringar møtte du undervegs i arbeidsprosessen?

  • Kva har du lært av denne oppgåva?

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2021