Ta kvalitetssjekken - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Ta kvalitetssjekken

Vurder kvaliteten på noko du har produsert, ved hjelp av eigenrefleksjon, kvarandrevurdering og deling i ei større gruppe.

1) Arbeid åleine

Tenk over:

  • Kva betyr kvalitet i ein medieproduksjon?

  • Kva kvalitetskriterium kjenner du til?

  • Kva er forskjellen mellom objektive og subjektive kriterium for kvalitet?

NDLA: Nyttig kjelde om kvalitetssikring i medieproduksjon

Start med å lage ein tabell som svarar til tabellen nedanfor, og fyll ut med stikkorda dine:

Objektive kvalitetskriterium

Subjektive kvalitetskriterium

Rett format

Prestasjonar framfor kamera

Biletkvalitet

Bruk av humor

Finn fram eit ferdig arbeid i medieuttrykk. Det kan vere arbeid som du har jobba med åleine, eller saman med andre. No skal du vurdere korleis du jobba med å sikre kvalitet i dei ulike fasane av produksjonen:

  • idéutviklinga og planlegginga

  • gjennomføringa

  • vurderinga

Tenk over:

  • Kvar finn du teikn på kvalitet?

  • Burde du ha gått inn og gjort endringar i nokon av fasane?

  • Kva slags objektive og subjektive kvalitetskriterium innfrir du?

Skriv notat i stikkordsform.

2) Finn ein partnar

Utveksl arbeid med nokon i klassen og gjennomfør ei kvarandrevurdering. De skal dele den ferdige medieproduksjonen som kvar av dykk har undersøkt, og dokumentasjonen som høyrer til.

No blir oppgåva dykkar todelt:

  1. Vurder kva kvalitetskriterium som blir innfridde, både subjektive og objektive. Sjå på resultatet og studer / snakk om arbeidet i dei ulike fasane av produksjonen. Bruk gjerne den ferdig utfylte tabellen som de laga i den første oppgåva, til dette arbeidet.

  2. Gi framovermeldingar om korleis kvaliteten i arbeidet kan løftast ytterlegare.

Til slutt kan de diskutere og samanlikne det de har funne ut. Var de meir kritiske då de vurderte dykk sjølve, eller var det omvendt?

3) Diskuter i gruppe


Til slutt kan de reflektere over desse spørsmåla i klassen eller gruppevis:

  • Kva forskjellar ser de mellom subjektive og objektive oppfatningar av kvalitet? Samanlikn det de har skrive i tabellane dykkar.

  • Korleis kan vi måle kvalitet?

  • Kvifor høyrer dokumentasjon saman med kvalitetssikring?

  • Del dei beste tipsa dykkar for å sikre kvalitet i arbeidet med medieproduksjonar.

Relatert innhald

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2021