Hopp til innhald
Fagartikkel

Medieuttrykk og funksjon

Medieuttrykk har ulike funksjonar i samfunnet. Dei kan opplyse, vri sanningar og få folk til å meine og handle. Medietekstar kan bevege oss enkeltvis, og i store mengder kan dei også føre til at regelsystem i eit samfunn blir endra.

har ulike funksjonar i samfunnet og omfattar alt frå reklameprodukt, nyheiter, TV-seriar og nettsider til innlegg i sosiale medium. Alle medieuttrykk blir laga innan gitte rammer, både kulturelle og organisatoriske.

Medieuttrykk har som regel eit føremål, noko bestemt som skal kommuniserast med ein gitt intensjon.

Kva er føremålet med din? Skal han underhalde, informere eller påverke? Nokre medieuttrykk set dagsorden eller oppmodar til samfunnsdebatt, mens andre skal oppmode til kjøp eller påverke haldningar.

Innhaldskategoriar

Medieuttrykk kan delast inn i ulike kategoriar etter kva funksjon stoffet har.

Journalistikk

Journalistikk er medieuttrykk som er fakta- og opplysningsorienterte, som til dømes nyheitssaker, aktualitetsstoff og kommentarar. Føremålet med journalistikken er å formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten, og ta medvitne val. Journalistikken er dessutan viktig for å avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos styresmaktene.

Kommunikasjonsarbeid

Kommunikasjonsarbeid er planlagd kommunikasjon der lojaliteten ligg hos ein oppdragsgivar. Føremålet med medieuttrykk innan kommunikasjonsarbeid er å formidle informasjon eller bidra til å forme haldningane mottakarane har til bestemde personar, saker eller produkt.

Marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon omfattar all kommunikasjon mellom bedrift og kunde som har som føremål å styrkje sal og inntening i ei bedrift. Føremålet med medieuttrykk innan marknadskommunikasjon kan vere å skape tillit og kjennskap til produkt og verksemder, informere om produkteigenskapar og motivere til kjøp.

Underhaldning

Underhaldning er medieinnhald som først og fremst har som føremål å gi publikum ei emosjonell oppleving. Underhaldning består av medieuttrykk som er humoristiske, spennande eller estetisk tiltalande.

Mediesjangrar

Medieuttrykk kan bli tolka og forstått på ulike måtar. Ved å leite etter sjangertypiske trekk kan du plassere medieuttrykka i ulike sjangrar.

Medieuttrykk blir gjerne også kalla Det er ikkje tilfeldig at ein medietekst blir som han blir. Både avsendaren og mottakaren veit kva forventningar, eller sosiale konvensjonar, som gjeld for ein bestemd sjanger. Dette påverkar oppbygging og val av verkemiddel.

Når du skal setje saman eit medieuttrykk, finst det derfor nokre reglar eller forventningar du må ta omsyn til. Vi forventar at ein kriminalroman handlar om brotsverk, offer, skurkar og etterforskarar. På same måten forventar vi at nyheitsopplesaren på radio framfører meldingane på ein sakleg og seriøs måte.

Funksjon i samfunnet

Gjennom erfaring med produksjon og vurdering av dine eigne og andre sine medieuttrykk forstår du stadig betre samanhengen mellom produksjon og bruk av medieuttrykk og føremålet med dei.

Kva funksjon har medieuttrykket ditt i samfunnet?

Når du skal diskutere kva funksjon medieuttrykket ditt har i samfunnet, kan du gå inn på ulike sider ved medieproduktet:

  • Kva er intensjonen din med medieuttrykket, skal medieproduktet ditt underhalde, informere, kritisere eller påverke? Kva konsekvensar kan det få for samfunnet?

  • I kva innhaldskategori og sjanger vil du plassere medieuttrykket? Kva verkemiddel og dramaturgiske grep har du brukt? Peik på sjangertypiske trekk ved medieuttrykket, vis til konkrete døme, og trekk linjer til samfunnsfunksjon.

  • Diskuter ulike måtar publikum kan tolke og forstå medieuttrykket ditt, og drøft kva konsekvensar det kan ha med tanke på funksjon.