Deltakarar:Hanna Klingberg – programleiarLars Backe Madsen – undersøkande/gravande journalistGrete Ruud – redaktør
Kva er godt journalistarbeid?
Programleiar: I dag skal vi snakke om kva som kjenneteiknar eit godt journalistisk arbeid, kva konsekvensar det kan få dersom arbeidet ikkje er tilfredsstillande, og kva og kven det går ut over. Eg heiter Hanna Klingberg.I ein nyheitsredaksjon er det mange ulike journalistar som jobbar med ulike typar saker. Nokre har veldig korte fristar, mens andre kan bruke lang tid. For at ein skal kunne vere sikker på at journalistane har gjort ein grundig nok jobb, har redaksjonen ein redaktør som les eller ser gjennom saka før ho blir publisert – og nokre gonger undervegs òg. Eg har snakka med både ein journalist og ein redaktør, og til saman har dei to over 60 års erfaring frå mediebransjen.
Først til journalisten: Lars Backe Madsen er undersøkande journalist – òg kalla gravejournalist – i Dagens Næringsliv, der jobben hans er å lage saker baserte på store mengder fakta og dokumentasjon. Dette er eit arbeid som ofte tek fleire månader, men som kan føre til at kriminelle handlingar eller maktmisbruk blir avdekte for offentlegheita. Lars har vunne SKUP-prisen for ei sak om Equinor-skandalen, men meir om den seinare. Først vil eg vite kva Lars meiner er ei god journalistisk sak.
LBM: Generelt kan ein seie at ei god journalistisk sak er ei sak som er grundig "researcha", eller at den som skal lage saka, har gjort gode førebuingar og undersøkt så godt det lar seg gjere at innhaldet i saka er sant og presentert på ein god og forståeleg måte. Ei god sak kan i tillegg vere noko ein anten kan lære av, bli underhalden av, bli inspirert av eller bli sjokkert av – dersom det er ein type sak der det er meininga.
Programleiar: Er det nokon saker som har inspirert deg?
LBM: Ja, dei sakene som både Aftenposten og Dagens Næringsliv har jobba ein god del med: saker om alt frå pendlarbustadene til etterlønna til norske politikarar – både stortingsrepresentantar og folk som har sete i regjeringa. Sakene handlar om korleis dei har utnytta systemet og kanskje ikkje gjort seg heilt verdig tillit som politikar. Eg synest den typen saker er gode døme på at ein ved eit ganske ordinært journalistisk arbeid – ved å søke om innsyn og prøve å kikke politikarane i korta – har funne ut at norske politikarar ikkje alltid gjer det ein burde forvente av dei. I ettertid ser det ut til å bli ein del oppryddingar, som gjer at norske politikarar kanskje vil vere meir til å stole på i framtida. Det er eit døme på at journalistiske saker faktisk har ført til noko betre, og då tenker eg at ein har lykkast med ganske mange ting på ein gong i det journalistiske virket sitt.
Programleiar: Eg har òg snakka med Grete Ruud, som er avtroppande redaktør for NRKs distriktskontor i Oslo og Viken. Ho har meir enn 40 års erfaring frå mediebransjen og har vore redaktør i både NRK og VG. Grete er einig i Lars' definisjon av kva som gjer ei journalistisk sak god, men som redaktør må ho òg passe på at alle blir høyrde.
GR: Det første bodet til journalistikken er å klargjere saka frå alle kantar, og det er ofte den som er redaktør, som må ta ansvar for at det blir gjort. Som journalist kan ein ofte bli litt begeistra for ei side av saka eller få sympati for ho. Som redaktør er det viktig at ein er litt djevelens advokat og er oppteken av at alle sider er klargjorde, og at alle har fått fortalt historia si. Vi må òg vere heilt sikre på at innhaldet er sant. Eg liker veldig godt saker som overraskar meg litt, og som eg lærer noko av.
Programleiar: Har du eit døme?
GR: Ja, NRK publiserte ei sak om korleis 18-åringar festar. Eg har ikkje barn som er i den alderen lenger, så eg vart litt paff: "Wow, er det sånn dei held på?" Eg synest òg at sakene om pendlarbustader og korleis politikarar bruker ordningane som dei har, er lærerike. Ein blir litt overraska over ein kultur som openbert seier at det er greitt at ein nærast kan utnytte ordningane.
Programleiar: Som redaktør har Grete ganske varierte dagar med mykje ansvar.
GR: Som redaktør har eg mykje driftsansvar òg; det er mykje jobbing med økonomi og strategi. Men det er ofte litt avhengig av kva type redaktørrolle du har. Nokre er nærare journalistikken enn den jobben eg har hatt som redaktør i NRK Oslo og Viken. Der leidde eg tre redaktørar som hadde ansvaret for kvar sin redaksjon. Eg synest eg har ein fin arbeidsdag viss eg kan jobbe med strategi og ikkje minst diskutere saker. Når det kjem saker på bordet mitt, er det som regel snakk om etikkspørsmål. Eg er ikkje så mykje med på idéplanet. Etikk i denne samanhengen handlar om at vi held oss innanfor det regelverket som vi i pressa er einige om er rett, og at saka er godt nok klargjord.
Programleiar: Eit typisk etisk dilemma Grete må ta stilling til som redaktør, er identifisering, altså kor mykje journalisten kan skrive eller seie om til dømes ein tenkt gjerningsperson i ei kriminalsak. Ifølge det etiske regelverket til pressa, Ver Varsam-plakaten punkt 4.7, må ein ha gode grunnar til å identifisere ein person før vedkommande er dømd i retten. Bryt ein reglane, kan ein bli felt av Pressens Faglige Utvalg, òg kalla PFU.
GR: PFU er heilt tydeleg på når vi kan identifisere eller ikkje. Det ein oftast blir dømd for i Pressens Faglige Utvalg, er manglande tilsvar. Det er eigentleg heilt grunnleggande, men det må vi passe på heile tida. Har dei som blir angripne, fått lov til å kommentere kva som blir sagt om dei? Eit anna vanleg tema i PFU er biletbruk, særleg når det er ulykker og dødsfall. Då må vi passe på at vi tek utsnitt av biletet, så vi ikkje identifiserer dersom pårørande ikkje er varsla.
Programleiar: Gravejournalist Lars har òg varierte dagar.
LBM: Eg jobbar i ein redaksjon der vi får lov til å jobbe ganske lenge med reportasjar. I periodar er den ordinære arbeidstida 9–17. Når vi nærmar oss publisering – eller det vi kallar for å lande dei store reportasjane – gjerne etter fleire veker med research og intervju og forsøk på å setje seg så nøye inn i sakskomplekset som mogleg, avsluttar vi det heile med å skrive. Skriveprosessen i sånne store reportasjar, som ofte er på mange sider, kan ta mange dagar. Etter det har vi ei "landing" med redaktørane, slik som Grete nemnde. Når dei går gjennom teksten, er dei nesten som revisorar: Dei pirkar i omtrent alle setningar for å sjekke at ting er korrekt siterte, at alle kjem til orde, og at vi er trygge på at vi har tilstrekkeleg med dokumentasjon eller bevis på at vi kan skrive det vi gjer. Dersom det er spesielt store saker, kan prosessen ta ei veke. Gjennom ein prosess som endar opp med ein reportasje, ser arbeidsdagane mine dermed ganske ulike ut.
Programleiar: Kva konsekvensar kan det få dersom du som journalist ikkje har gjort ein god nok jobb når du arbeider med ei stor sak?
LBM: Det kan få ulike konsekvensar. Som Grete òg nemnde, er det noko som heiter PFU, eller Pressens Faglige Utvalg. Dersom ein til dømes har vore for slurvete i jobben ein skal gjere med å hente inn utsegner og informere alle partar i ei sak, kan ein få kritikk eller bli felt i PFU for ikkje å ha gjort ein god nok jobb. Eg har ikkje opplevd det sjølv, men det er veldig pinleg; det er som å bryte lova, viss eg skal samanlikne det med noko anna. Du bryt pressa sine eigne lover ved ikkje å gjere jobben så godt som du burde. I verste fall kan ein bli saksøkt viss det er noko ein har gjort noko feil eller for dårleg. Elles kan ein sjølvsagt oppleve at folk ikkje synest saka er noko god; det kan vere få som les ho, eller få som orkar å lese ho ferdig.
Programleiar: Kva konsekvensar kan det få for deg eller for mediet dersom ein journalist ikkje gjer ein god nok jobb, Grete?
GR: Som redaktør har eg vorte dømd eit par gonger i PFU for å ha identifisert i krimsaker. Det er ikkje noko gøy i det heile. Men vi har heldigvis flest av dei sakene der vi ikkje har vorte dømde. Det vi prøver å få til veldig tidleg, er å kontakte dei som har kontakta PFU og få til det vi kallar "ei minneleg ordning" der vi kan bli einige og endre på ting eller rette opp feil. Dei 40 åra eg har vore i pressa, har vi nok vorte mykje flinkare til å seie unnskyld og prøve å finne løysingar når vi ser at vi har gjort feil. Det trur eg truverdet vårt vinnar på.
Programleiar: For å kunne lage ei god journalistisk sak må ein altså ha rette opplysningar. Det krev at ein set seg grundig inn i alle relevante fakta. Kor mykje har research eigentleg å seie for kvaliteten på ei sak? Eg spør gravejournalist Lars Backe Madsen.
LBM: Viss du spør meg i samband med den jobben eg har, er det heilt opplagt det aller viktigaste. Det vi bruker mest tid på når vi lagar sånne store dokumentarar, er jo research. Det kan ta æver berre å lese gjennom tilstrekkeleg med dokumentasjon innanfor eit tema for å forstå kva det handlar om. Og før ein i det heile kan lese dokumentasjonen, må ein få tak i han. Det kan ta tid å få tak i dokumentasjonen ein trur ein treng. Når ein har fått dokumentasjonen, må ein vere sikker på at han er ekte: Ein må altså verifisere at han er ekte og sann, og at ein kan tru på han. Og når ein har noko dokumentasjon, treng ein meir for å stadfeste det ein prøver å finne ut av. Og så skal ein snakke med folk som har kunnskap om og innsikt i ulike tema ein undersøker eller jobbar med, og det tek tid. Av og til tek det lang tid å få tak i dei personane ein vil snakke med, og andre gonger møter ein personar som aldri blir ferdige med å snakke før dei kjem til poenget. Det kan ta tid.
Research er alltid viktig, men i nokre journalistiske verk er det kanskje litt viktigare enn i andre. Journalistane som er mest kjende, er ofte kommentatorar. Det kan av og til sjå ut som om dei berre skriv noko dei meiner der og då, men felles for dei flinkaste kommentatorane er at dei har vorte kommentatorar nettopp fordi dei kan så mykje om området dei dekker. Kunnskapen har dei gjerne fått etter å ha drive med research over mange år.
Programleiar: I 2020 jobba Lars Backe Madsen og ein kollega med ei gravesak som førte til ei avsløring av stor samfunnsmessig betydning. Prosjektet heitte Equinor-skandalen. Equinor er eit av dei største selskapa i Noreg: Staten eig mesteparten, men også mange nordmenn har investert sparepengar i selskapet. Korleis Equinor bruker pengane sine, er derfor viktig for veldig mange. Researchen Lars og kollegaene gjorde, viste at Equinor hadde tapt heile to hundre milliardar kroner på investeringar i USA, og at mykje av dette kunne ha vore unngått. Det journalistiske arbeidet tok nesten eit heilt år, fortel Lars.
LBM: Morten Aanestad, som eg jobba saman med, har kontoret sitt i Stavanger og har i alle år dekt Equinor som journalist. Equinor er det største og viktigaste selskapet i Noreg og har i årevis forsynt Noreg med såkalla oljeinntekter og bidrege til å gjere Noreg til eit rikt land. Det er derfor eit veldig viktig selskap internt i det norske samfunnet. Morten og ein redaktør snakka saman om at Equinor hadde tapt ein del pengar i USA, ifølge ein del korte nyheitsartiklar opp gjennom åra. Men eit spørsmål ingen hadde stilt seg, var korleis det hadde skjedd, og om vi kunne stole på all informasjonen som har komme ut. Morten fann ut at dette var ei sak som kanskje var større enn det han først trudde og ville gjerne ha med ein journalist som jobbar meir med dokumentarstoff. Slik vart eg kopla på saka. Vi fekk tak i ein god del dokumentasjon som vi måtte setje oss inn i, og som viste seg å vere svært verdifull. Så måtte vi snakke med fleire folk for å finne ut endå meir.Vi hamna til slutt i USA like før pandemien kom og rakk akkurat å komme tilbake igjen. Der borte fekk vi tak i ein god del menneske og nye opplysningar som stadfesta og bidrog til å bevise at tinga var mykje verre enn det alle hadde trudd. Vi brukte i alle fall ganske mange månader på å setje oss inn i desse sakene og skjønte etter kvart at det kunne bli ei stor politisk sak. Då vart ein annan kollega av oss, Marie Melgård, med på laget. Ho jobbar mykje på Stortinget og har veldig god oversikt over og innsikt i politiske prosessar. Då hadde vi dekt ein god del ting, og i tillegg fekk vi med oss avisa sin eigen finansredaktør, som er ekspert på å analysere rekneskapar og finansielle og økonomiske spørsmål og å setje ei sak inn i ein breiare samanheng, eller kontekst. Då hadde vi fire stykke som på kvar sin måte kunne jobbe med eit sakskompleks som var veldig stort og samansett. Heile tida hadde vi ei veldig trygg og god oppbakking frå alle redaktørar og kollegaer. Så det var på ein måte eit prosjekt der vi var fire journalistar, men som heile avisa stod bak. Dei fleste var einige om at det var ei så stor og viktig sak at vi kunne gå "all in". Men det tok lang tid. Det er sjeldan det blir brukt meir ressursar på ei sak enn det vart brukt på ho.
Programleiar: Kor lang tid gjekk det frå de byrja og til den første saka kom ut?
LBM: Dersom du spør Morten, er svaret 20 år (ler). Dersom du spør meg, er det litt over eit halvt år, men vi jobba ikkje berre med dette heile tida. Morten driv med nyheitsjournalistikk i tillegg, mens eg heldt på med ein del andre reportasjar parallelt.
Gjennom heile det neste året heldt vi på med oppfølgingssaker. Det skjedde veldig mykje etter at den første saka kom på trykk, og det vart ein del politiske konsekvensar og andre konsekvensar. Alt i alt har det vel teke langt over eitt år å jobbe med alt saman.
Programleiar: Saman med Morten Aanestad vann Lars Backe Madsen SKUP-prisen i 2020 for arbeidet med Equinor-skandalen. SKUP står for Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse, og prisen blir rekna som den gjævaste utmerkinga i Noreg innanfor journalistikk. Ifølge SKUP-rapporten publiserte Dagens Næringsliv 69 artiklar, 19 kommentarar og 9 videoar om Equinor-skandalen.
Programleiar: Som Lars var inne på, snakka dei med svært mange kjelder i løpet av prosjektet. Det er viktig å ha gode kjelder i ei sak, men ikkje alle kjelder er til å stole på. Eg spør redaktør Grete Ruud om ho har nokre døme på kjelder som har vist seg å vere lite truverdige, og korleis dei jobbar for å unngå at ei sak inneheld feil eller løgn.
GR: Eg har døme der eg som både vaktsjef, redaksjonssjef og redaktør har trykt saker der kjelder rett og slett har komme med løgn. Det var litt småtrivielle saker, til dømes om ein hund som hadde vorte stolen, men med betre journalistisk arbeid hadde vi avslørt det. Eg tenker heile tida på kva slags motiv kjeldene har for å fortelje det dei fortel. Og fortel dei heile biletet? Vi kan sjølvsagt spørje om det, og så svarer dei ja. Men vi treng òg uavhengige kjelder som stadfestar det same, slik at vi er heilt sikre på at dei ikkje snakkar med kvarandre, men stadfestar den same historia. Det er mykje jobb, og på eit eller anna tidspunkt må du berre bestemme deg for at du trur på det, og at du har nok informasjon til å publisere det. Du kjenner deg berre så dum viss du har vorte lurt! Men eg tenker at vi har gode arbeidsmetodar, at vi har kollegaer vi kan diskutere med, og at vi etter kvart òg har mykje erfaring. Det er viktig å ha kollegaer å diskutere sakene med, ein redaktør som kan komme inn som djevelens advokat og stille spørsmåla som ein kanskje har eg gløymt å stille, eller som ein berre ikkje har stilt fordi ein har vorte begeistra for saka.
Programleiar: Journalist Lars er einig.
LBM: På den eine sida er det ei god journalistisk kraft at ein blir begeistra over noko ein er på sporet av, og at ein håper og trur at ein kan avdekke noko kritikkverdig. Samtidig kan ein bli så gripen og begeistra at ein blir litt blind. Då er det alltid greitt at nokon korrigerer litt undervegs. Det kan derfor vere ein fordel å vere to journalistar som jobbar saman, og som kan korrigere kvarandre mellom møta med redaktøren.
Produsert av Både Og for NDLA