Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Evaluer med sokratisk metode

Før du publiserer og seier deg ferdig med ein medieproduksjon, bør du la andre sleppe til. Be dei lytte eller sjå på arbeidet ditt i rolege omgivnader, før de samlast og tek ei felles evaluering. På denne måten får du hjelp til å finne ut kva som fungerer, og kva som kan forbetrast, før du leverer.
Person med hovudtelefonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den norske journalisten Berit Hedemann utvikla metoden då ho jobba med radiodokumentarar i NRK. Metoden kan brukast i arbeid med andre typar medieproduksjonar, og kan vere eit nyttig verktøy for å avdekkje kva som fungerer i ein produksjon, og kva som må jobbast vidare med.

Første del: Refleksjon i gruppe

  1. Be ei lita gruppe menneske lytte eller sjå på medieproduksjonen din i fred og ro mens dei noterer opplevingar.

    Dei kan stille seg sjølve følgjande spørsmål:

    Rører produksjonen ved noko i meg?
    Klarer eg å følgje med, eller mistar eg interessa?
    Forstår eg bodskapen?

  2. La gruppemedlemmene dele opplevingane med kvarandre. Start med det som var bra, hald fram med det som kan utviklast vidare. Kva har dei opplevd likt/ulikt?

  3. Har alle ei felles forståing av kva som er bodskapen, og kven som er målgruppa?

  4. Til slutt fortel du gruppa om arbeidet ditt med medieproduksjonen din. Fortel om val av målgruppe og tankane bak produksjonen.

Andre del: Eigen refleksjon

  1. Kva tenkjer du no om arbeidet ditt? Fekk du respons som forventa? Har evalueringa gitt deg ny innsikt? Noter ned stikkord som du vil ta med deg vidare.

  2. Juster produksjonen din før du leverer han dersom det er naudsynt.

Kjelde

Handgaard, B. (2020). Historiefortelling på digitale plattformer. Cappelen Damm Akademisk.

Relatert innhald

Sokratisk seminar er ein måte å organisere ein utforskande samtale i klasserommet på. Her kan du få øvd deg på metoden.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2021

Læringsressursar

Medieproduksjon i ulike sjangrar