Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetikk

Som transportarbeidar har du ofte ansvar for store verdiar og mange personar. Bedrifta og kundane er i stor grad avhengige av den kompetansen du har. Oppgåvene under tek for seg yrkesetiske problemstillingar som eignar seg godt til gruppediskusjon.

Oppgåve 1

Transportarbeidar – ansvar og forventingar

Kva forventingar meiner du kundar og myndigheiter har til deg som yrkessjåfør eller logistikkarbeidar?

Kva for krav frå kundane og bedrifta må du tilfredsstille for å vere ein god arbeidar innan transport? Finn døme frå yrkessjåførfaget eller logistikkfaget.

Oppgåve 2

Etikk og skade på gods

Skade på gods kan skje i alle ledd av transporten, og er noko også ein sjåfør vil oppleve éin eller fleire gonger i løpet av nokre år. Det er derfor viktig at du veit korleis du skal opptre overfor kunden når det oppstår skade på gods.

Korleis bør ein sjåfør opptre i møtet med mottakaren ved overleveringa av eit kolli som har fått ein skade?

Oppgåve 3

Persontransport i rute

Det er fredag ettermiddag. Du køyrer ein rutebuss og har fått med eit kolli på 2 kilo som inneheld blomar. Du får opplyst at kolliet skal hentast av mottakaren på ein avtalt haldeplass etter cirka ein times køyring. Når du kjem til haldeplassen, er det ingen mottakar der som kan ta imot kolliet. Du er nøydd til å halde rutetidene.

Korleis vil du løyse problemet? (Hint: vegfraktlova §§ 22-25)

Oppgåve 4

Yrkesetiske normer

Når du arbeider innan transportfaget, er det viktig at du oppfører deg på ein slik måte at du skaper tillit hos dei du har kontakt med.

Kva for yrkesetiske normer meiner du medarbeidarar i transport- og logistikknæringane må følgje for å oppnå tillit i dei ulike kundegruppene?

Kva kan konsekvensane vere av ikkje å følgje kvar enkelt av normene du har komme fram til?

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2018

Læringsressursar

Yrkesetikk