Hopp til innhald
Fagartikkel

Krav til tilsette og bedrifter i transportnæringa

Alle bedrifter er avhengige av tillit i marknaden. Vi ser her på kva for krav bedrifter og tilsette i næringa må følgje for å oppnå slik tillit.

For å få tillit i marknaden må transport- og logistikkverksemdene opptre

  • ansvarleg når det gjeld helse, miljø og tryggleik
  • lovlydig
  • redeleg og lojalt ved kjøp og sal
  • omsorgsfullt overfor kundane og eigedelane deira
  • presist i samband med inngåtte avtalar
  • høfleg overfor kundane
  • respektfullt overfor ulike samfunnsgrupper
  • omsynsfullt og aktsamt i trafikken

Lovar, reglar og retningslinjer

I kvardagen held vi oss til mange reglar som er blitt til gjennom ein stabil praksis over lang tid. Dei har utvikla seg til vane eller sedvane. Somme slike reglar er så viktige at dei er gitt i lovs form eller som skriftlege retningslinjer. Andre er uformelle og dannar ei norm for korleis omgivnadene våre forventar at bedrifter og enkeltpersonar opptrer i kvardagen.

Rett og gale

Formelle og uformelle reglar er viktige i alle samfunn. Dei representerer samfunnet, gruppa eller enkeltindividet sitt syn på kva som er rett og gale eller skikk og bruk. Brot på slike reglar kan gi negative reaksjonar både frå enkeltpersonar, grupper eller storsamfunnet. I så fall mistar vi tillit i marknaden og pådreg oss eit negativt omdømme.

Etikk og moral

Etikk er det greske ordet for vane eller sedvane, moral er romarane sitt ord for det same. Somme bruker derfor omgrepa etikk og moral om kvarandre, mens andre legg ulik tyding i dei. Her legg vi det same i begge omgrepa.

Vi seier at vi opptrer etisk når vi opptrer i samsvar med reglar for

  • kva samfunnet oppfattar som rett og gale
  • kva samfunnet, grupper og enkeltpersonar oppfattar som god skikk og bruk

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Godshandtering

Denne oppgåva tek for seg viktige tema som sikring av last, handtering av skadar på gods, fraktdokumentasjon og handtering av farleg gods.