Å vere førebudd
Alle som driv næringsverksemd, veit kor viktig det er at dei tilsette opptrer i tråd med forventningane til kundane og krava i samfunnet. Bedriftene søker derfor å lære medarbeidarane sine til å opptre innanfor ramma av reglane for rett og gale og reglane for god skikk og bruk.
Handlingsberedskap
Handlingsberedskap er evna til å opptre i samsvar med gjeldande samfunnsnormer i ulike situasjonar
For å kunne opptre i tråd med normene i samfunnet i ulike situasjonar, må vi tenkje gjennom på førehand kva som er forventa av oss. Det er berre på den måten vi kan opparbeide oss beredskap til å handle riktig når ein situasjon først inntreffer.
Dersom du til dømes kjem først til ein ulykkesstad, er det forventa at du straks startar livreddande førstehjelp, varslar nødetatane og sikrar skadestaden. Denne regelen er så viktig, at han er lovfesta. For å kunne opptre i samsvar med regelen, må du på førehand ha tenkt gjennom kva du skal gjere. Du må ha handlingsberedskap.