Hopp til innhald
Fagartikkel

Normer for høflegheit

I møte med andre mennesker gjelder det at vi opptrer høflig i alle situasjoner. Her repeterer vi reglene for god service og kundebehandling.

Kommunikasjon

Som profesjonelle transport- og logistikkmedarbeidarar forventar omgivnadene at vi opptrer høfleg og merksamt. Kundane reagerer både på det vi seier, og på kroppsspråket vårt. Medarbeidarane i transport- og logistikknæringa må derfor kunne grunnreglane for verbal og ikkje-verbal kommunikasjon. Her er nokre viktige prinsipp:

  • Ta initiativ med eit smil.
  • Handhels der det er naturleg.
  • Vis merksemd gjennom augekontakt.
  • Ha ei open kroppshaldning (ikkje ha armar og bein i kors).
  • Legg stemma i eit lyst toneleie og snakk klart og tydeleg.
  • Spegl åtferda til kunden. Viss kunden har det travelt, viser du at du er hjelpsam ved å ekspedere kunden ekstra raskt.