Normer for å opptre omsorgsfullt
Alle transportkjøparar forventar at transport- og logistikkbedrifter viser omsorg for dei varene dei transporterer på vegner av avsendarar og mottakarar. Dette kravet har styresmaktene funne så viktig at dei har lovfest ein regel om at transportørane har plikt til å dra omsorg for gods dei har teke på seg å frakte. I praksis tyder det at ein godstransportør ikkje berre kan setje frå seg ei sending dersom mottakeren nektar å ta ho imot. Transportøren må då syte for at godset ikkje blir øydelagt. Deretter må han kontakte vareeigaren for å få vite kva han skal gjere med godset. Sjå vegfraktlova.
I tillegg må transportøren opptre omsorgsfullt overfor barn som reiser åleine, og andre som har spesielle behov for oppfølging og hjelp – før, under og etter fullført transport.