Hopp til innhald

Fagstoff

Normer for lovlydigheit

Samfunnet legg til grunn at vi alle har plikt til å setje oss inn i gjeldande reglar og deretter følgje dei. Bryt vi ein lovregel, nyttar det ikkje å skylde på at vi ikkje visste. Her lærer du om samfunnet sine reaksjonar ved lovbrot.
Norges lover ligger på et bord med riksvåpenet på veggen i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lovlydig åtferd

I eit rettssamfunn har myndigheitene laga felles reglar gjennom eit lovverk. Alle som driv næringsverksemd, må kjenne desse reglane og følgje dei.

Brot på lovverket

Brot på lovverket fører til ulike reaksjonar frå samfunnet. Bedrifter kan få pålegg om å rette opp avvik innan ei fastsett tid, og dei kan få bøter for meir alvorlege brot. Ved svært alvorlege brot reagerer samfunnet med straff i form av fengsel.

Erstatning ved lovbrot

Ofte må bedriftene også betale erstatning til den som har vore skadelidande som følgje av lovbrotet. Slike alvorlige brot fører gjerne til negativ presseomtale, og då får bedrifta dårlegare omdømme. Alle bedrifter søkjer derfor å opptre lovlydig, samtidig som dei stiller dei same krava til sine tilsette.

Lovlydig åtferd i trafikken

I trafikken inneber lovlydig åtferd å følgje vegtrafikklova med dei forskriftene som høyrer til. Ein slik regel er at vi skal tilpasse farten etter forholda og ikkje køyre over fartsgrensene. Dette er viktig fordi det har med sikkerheit å gjere, både for førar, passasjerar, medtrafikantar og gods. Det er totalt uakseptabelt å påføre andre skade eller død.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 12.12.2018

Læringsressursar

Yrkesetikk