Normer for helse, miljø og sikkerheit
Dei viktigaste reglane for arbeidstakarane si helse og sikkerheit finn vi i arbeidsmiljøloven. Denne lova har reglar om at arbeidsmiljøet skal leggjast til rette slik at arbeidstakarane ikkje blir påført fysisk eller psykisk skade.
Forureinar du i naturen vår?
Reglane for å verne det ytre miljøet og sikre forsvarleg avfallsbehandling finn vi i forureiningsloven. Grensene for kva vi oppfattar som akseptabelt på ulike område, endrar seg over tid. Mens det berre for nokre tiår sidan var fullt akseptabelt å deponere avfall på fyllingar og forureine naturen, er dette heilt uakseptabelt i dag. Her har myndigheitene vore pådrivarar og laga reglar om forbod mot slik deponering.
Slik er det på fleire område. Myndigheitene etablerer reglar for å sikre at vi opptrer ansvarleg når det gjeld helse, miljø og sikkerheit.
Forureiningslova har reglar for å førebyggje at vi skadar det ytre miljøet.