Som fagarbeidar vil du oppleve at det er mange rammer for kva du kan gjere, og kva du ikkje kan gjere. Desse rammene er bestemte av lovverk, økonomi, personalressursar og mykje anna.
Kvifor må du kunne noko om etikk?
Du som skal bli fagarbeidar i transport- og logistikkfaget, treng kompetanse i å omgåast andre. Du kjem i kontakt med menneske som har ein annan kulturbakgrunn, religion eller livsførsel enn deg.
Du skal jobbe for og med menneske, både kundar og kollegaer. Det du seier og gjer, påverkar ditt samspel med andre. Derfor må du ha kjennskap til hovudtrekka i etikken, og du må trene deg i å bli medviten på kva slags signal du gir. Andre menneske forventar at du behandlar dei med respekt, ikkje minst når du er i ei yrkesrolle. Måten du opptrer på, kan påverke andre si oppfatning av seg sjølve.
Er du deg medviten din yrkesetikk?
Vi skal her sjå på nokre område der dette er særleg viktig:
- Kvaliteten på leveransen din, anten som transportør, logistikkarbeidar eller truckførar. Korleis ville du likt å få dine varer behandla?
- Til å stole på. Snarvegar er nok fristande, men dette skaper store problem seinare, med små eller enorme konsekvensar. Er du til å stole på?